Eit helsefellesskap med fokus på helsetenestene i bergensområdet
Målet med helsefellesskapet er å utvikle best moglege helsetenester til pasientar på tvers av sektorar. Det krev at kommunar og sjukehus er einige om kven som har ansvar for kva i samarbeidet om pasienten. Eit samarbeid som er under stadig utvikling.
På partnarskapsmøtet i helsefellesskapet 15. februar 2024, var det samla aktørar frå Haraldsplass sjukehus, Betanien sjukehus, Voss DPS, NKS Bjørkeli, NKS Olaviken alderspsykiatriske sjukehus, Solli DPS og Haukeland universitetssjukehus. Her var ordførarar, kommunedirektørar, kommunalsjefar, representantar frå fastlegane, kommuneoverlegar, brukarrepresentantar frå dei 18 kommunane i regionen, samt representantar frå NSF og hovudsamanslutningen.
Administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus Eivind Hansen poengterte at alle pasientar som blir behandla på sjukehuset bur i ein kommune:
- Partnarskapet gir oss anledning til å trekke dei lange linene og bli einige om retning og mål for helsefellesskapet. Slik kan vi utvikle eit godt samarbeid, seier Hansen.
Johnny Breivik, kommunedirektør i Øygarden og leiar av Strategisk samarbeidsutval i helsefellesskapet, påpeikar at partnarskapsmøtet er ein viktig møteplass. Her møtast politikk og fag for å avklare mål og vegval for å betra samanhandlinga mellom spesialist- og primærhelsetenesta:
- Eg er spesielt nøgd med at partnarskapsmøtet har samla seg om ein ambisiøs og tydeleg strategi for den vidare utviklinga av både samarbeidet og helsefellsskapet. Dette er ein viktig milepæl i arbeidet med å førebu oss til morgondagens utfordringar, seier J. Breivik.
Mange pasientar, brukarar og pårørande opplever ei fragmentert helse- og omsorgsteneste. Regjeringa vil at pasientane skal oppleve heilskaplege pasientforløp, der dei ulike delane av tenestene jobbar godt saman. Pasientar som er avhengig av langvarige tenester både i spesialist- og primærhelsetenesta, er spesielt sårbare.
Randi-Luise Møgster, viseadministrerande direktør og ansvarlig for samhandling ved Haukeland universitetssjukehus og nestleiar i helsefellesskapet, påpeikar at grunnlaget for eit godt samarbeid er at partane har ei felles forståing av situasjonen.
- Brukarar og fastlegar er representert på alle nivå i samhandlingsmodellen i tråd med Nasjonal helse- og sykehusplan 2020–2023, (regjeringen.no). I helsefellesskapet for bergensområdet er også kommuneoverlegar representert på alle nivå i styringslinja, seier Møgster.
Terje Breivik, styreleiar i Helse Bergen uttalar at målet med Helsefellesskapet er ein tydeleg samarbeidsstruktur og prioriteringar. Dei fire pasientgruppene som det er fokus på framover er barn og unge, personar med alvorlege psykiske lidingar og rusproblem, skrøpelege eldre, og personar med fleire kroniske lidingar.
-Innbyggarane våre bryr seg ikkje om helsetenesta er statleg eller lokal. Det som er viktig for dei er at dei får den helsehjelpa dei treng, seier T. Breivik.