Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasientar kan førehandsstemme på sjukehuset

Alle innlagde pasientar i Helse Bergen vil få moglegheit til å førehandsstemme under Stortings- og sametingsvalet i haust.

Publisert 25.08.2025

Det blir sett opp eit eige vallokale i foajeen i Sentralblokken i perioden  

25. august – 5. september: Måndag til fredag kl. 10.00 - 16.00

Om ønskeleg besøker valmedarbeidarar også pasientar på sengepost. Bestemte datoar og tider er sett opp for det.  

Førehandsstemming ved Helse Bergens lokale er primært for pasientar, men alle veljarar har tilgang til å gi førehandsstemme. Derfor kan pårørande og tilsette også førehandsstemme om dei har anledning til det. 

Legitimasjon   

I følgje vallova skal alle som stemmer ved valet vise legitimasjon, men dei som oppheld seg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan få ein tilsett ved institusjonen til å stadfeste identiteten sin. I slike tilfelle må den tilsette legitimere seg.     

Veljarar som treng assistanse ved førehandsstemming   

Veljarar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting ikkje kan stemme åleine, kan etter eige ønske få hjelp av ein valmedarbeidar eller ein annan person som veljaren sjølv peiker ut.  

Spørsmål om gjennomføring av førehandsstemming 

Synnøve Tangen Stub, synnove.tangen.stub@helse-bergen.no,
tlf. 90019408 
 

Grethe Borvik Holmstrøm, grethe.borvik.holmstrom@helse-bergen.no,
tlf. 41306447  
 

Bergen Kommune / Innbyggerservice, tlf. 55 56 55 56   

Les meir om valet på Bergen kommune sine nettsider