Pasientsikkerheit ved reise med rekvisisjon

For å redusere risikoen for uønska hendingar knytt til reiser med rekvisisjon der pasienten har spesielle behov for ivaretaking på reisa, er det oppretta eit nytt behov rekvirent kan merke av for ved bestilling av reise med rekvisisjon, IA.

Publisert 12.04.2023
Sist oppdatert 14.02.2024
​IA står for "Må ikke overlates til seg selv" 
 
 
Det er behandlar som gjer ei medisinsk vurdering på behov for pasientreise med rekvisisjon. Pasientreiser og drosjeselskapet som utfører tenesta, har eit ansvar for å sikre forsvarleg transport av pasientar ut i frå informasjonen som er gitt i rekvisisjonen. 
 

Rekvisisjonen skal formidle behova pasienten har 

Bakgrunnen for vurderingane av behovet for pasientreise med rekvisisjon kan vere fysiske eller psykiske. Gjennom avhaking for spesielle behov og merknader i fritekst skal behova pasienten har for reisa formidlast til sjåføren som skal utføre oppdraget - utan sensitive personopplysningar. 
 
I rekvisisjonen kan behandlar/rekvirent i dag hake av for HJE "Hjelpes til og fra transportmiddel". 
Dette inneber at sjåfør må ut og hente/ følge pasienten til og frå bilen.  

​Nødvendig med meir informasjon 

Pasientreiser i Helse Bergen ser at det blir rekvirert reiser der det er nødvendig med ytterlegare informasjon i rekvisisjonen enn det som er mogleg å formidle i dag for å ivareta pasienttryggleiken og unngå uønska hendingar. Dette kan for eksempel gjelde pasientar med kognitiv svikt som til dømes demens.  
 
For å kunne gi ytterlegare informasjon og slik redusere risiko vil Pasientreiser i Helse Bergen frå og med 19. april 2023 opne opp for bruk av behovet IA "Må ikke overlates til seg selv" for reiser som krev ekstra ivaretaking av pasient.  
 
 

For deg som rekvirerer pasientreiser betyr dette:  

At du frå 19. april kan hake av for IA i rekvisisjonen under Spesielle behov. 
​Når du vel dette behovet kjem det opp ein pop-up der du som rekvirent må bekrefte at det er avtalt med kontaktperson på leveringsstaden at pasienten blir tatt imot ved ankomst.  
Det blir også presisert at dette ikkje erstattar behovet for følge. 

Dersom det er usikkerheit eller tvil rundt pasientens helsetilstand og tryggleik på reisa skal det ikkje bestillast pasientreise, heller ikkje med det spesielle behovet IA. Dersom risikoen blir fjerna ved bruk av følge på reisa, kan pasientreise med følgje nyttast. 
 
 
Når du som rekvirent bruker behovet IA blir det sendt ein merknad til transportør/sjåfør med teksten: 
 
MÅ IKKE overlates til seg selv!  
 
Den som rekvirerer pasientreiser må også føre på kontaktinformasjon til person på leveringsstad i rekvisisjonen slik at sjåfør ikkje møter på utfordringar. Det er rekvirent sitt ansvar å avtale mottak av pasient med helsepersonell/ heimesjukepleie eller pårørande på leveringsstaden i forkant av bestilling. 
 
Slik kan sjåfør sikre at pasient blir møtt av pårørande eller helsepersonell ved avstiging, i tråd med bestilling.  

 

Vel rett transport og vurder behovet for følge 

Vurderinga av kva for behov pasient har på reisa er viktig for å ivareta pasientsikkerheita og redusere risiko for uønska hendingar. Dersom pasienten sine behov eigentleg krev ivaretaking av nokon som kjenner pasientens tilstand må pasient ha med følge. Dersom det beste for pasienten er å bli henta av pårørande, bør det undersøkast om dette er mogleg før ein bestiller pasientreise. 
 
Sjåfør skal ikkje, og kan ikkje, erstatte følge og sjåfør kan ha fleire pasientar med på same tur. Tenesta inkluderer støtte og hjelp inn og ut av køyretøy og behandlingsstader, og hjelp med bagasje og hjelpemidlar. 
Pasientreise med rekvisisjon gjeld ikkje akutt pasienttransport og det spesielle behovet ØH ("øyeblikkelig hjelp") er derfor fjerna frå rekvisisjonen i Helse Bergen. Transportørar har gjennom avtale en gitt kapasitet og responstid på oppdrag frå pasientreiser.
Sjå vår Serviceerklæring  ​
Det er dette servicenivået som må ligge til grunn ved vurderinga av transport.  
 

Alternativ ved manglande følge til reisa 

Det er helseføretaket sitt ansvar å tilby følge på reisa i tilfelle der følgeperson ikkje er mogleg å skaffe. Ansvaret er tillagt helseføretaket og Avdeling for pasientreiser. Her må avdelinga/behandlar gå i dialog med pasientreiser i god tid og seinast siste virkedag før.