Påtaleunnlating i sak om ulovleg oppslag i pasientjournalar
Leiinga i Helse Bergen fekk våren 2022 eit varsel om at ein tilsett ved Voss sjukehus gjorde ulovlege oppslag i pasientjournalar i Helse Bergen og Voss interkommunale legevakt. På bakgrunn av informasjon i varselet blei det gjort nærare undersøkingar, og det blei avdekt at den tilsette hadde gjort ei rekke ulovlege oppslag i pasientjournalar.
Publisert 17.04.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
- Ulovlege oppslag i pasientjournalar er eit tillitsbrot overfor våre pasientar, og vi tar derfor slike saker svært alvorleg, seier fagdirektør Marta Ebbing i Helse Bergen.
Den tilsette som hadde gjort ulovlege oppslag blei straks fråteken tilgangane til journalsystema og deretter sagt opp. Vidare meldte Helse Bergen saka til politiet, Datatilsynet og Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren konkluderte i november 2022 at den tidlegare tilsette hadde brote teieplikta, og påtalemakta har nyleg avgjort å gi påtaleunnlating i saka.
Kva betyr dette for deg som pasient?
Vi har ingen opplysningar om at informasjon om einskilde pasientar har blitt delt vidare eller at nokon sine opplysningar på annan måte har vore forsøkt misbrukt.
- Vi har tidlegare sagt at alle aktuelle pasientar ville bli informert, men dette viste seg å vere vanskeleg, fordi omfanget av oppslaga vedkomande hadde gjort var stort samstundes som vedkomande hadde tenestleg behov for ein god del oppslag. Etter dialog med Datatilsynet informerer vi no heller breitt om saka og kva rettar pasientar har når det gjeld å sjå kven som har gjort oppslag i pasientjournalen deira, seier Ebbing.
Korleis jobbar Helse Bergen med personvern og informasjonstryggleik?
Vi arbeider heile tida for ein god kultur for personvern og informasjonstryggleik. Alle tilsette som jobbar med pasientopplysningar har teieplikt, og alle tilsette skal ta kurs i personvern og informasjonstryggleik. Sjå også informasjon om korleis helsepersonell i Helse Bergen brukar pasientjournalsystemet:
DIPS innsynslogg – informasjon til pasienter
DIPS innsynslogg – informasjon til pasienter
Kva for rettar har du?
Som pasient har du rett til å få vite kva for tilsette i Helse Bergen som har gjort oppslag i din pasientjournal. Denne informasjonen finn du ved å logge deg inn på din pasientjournal via helsenorge.no, sjå Pasientjournal – Helsenorge.
Du kan også sende elektronisk melding til Helse Bergen via eDialog – Helse Bergen,
eller sende papirbrev i posten for å få slik informasjon. Vi gjer merksame på at Helse Bergen ikkje kan sende sensitive opplysningar per e-post.
eller sende papirbrev i posten for å få slik informasjon. Vi gjer merksame på at Helse Bergen ikkje kan sende sensitive opplysningar per e-post.
Sjå meir informasjon om korleis du kan gjere bruk av rettane dine her:
Pasientjournal – Helse Bergen
Pasientjournal – Helse Bergen
Kven kan du kontakte dersom du har spørsmål?
Du kan kontakte Voss sjukehus om denne saka på telefon 56 53 35 99
kl. 08.00- 17.00 måndag – fredag,
kl. 08.00- 17.00 måndag – fredag,
eller sende elektronisk melding via eDialog – Helse Bergen
Du kan også be om råd og rettleiing ved å kontakte personvernombodet i Helse Bergen på telefon 55 97 55 58 kl. 09:00 til 15:00 alle kvardagar eller sende elektronisk melding via eDialog – Helse Bergen.