Tettare samarbeid mellom kommune og sjukehus gir pasientene hjelp på rett omsorgsnivå
Prehospital vurderingseining (PVE) i Bergen blei etablert for å gi pasientar hjelp på riktig omsorgsnivå. Gjennom eit tett samarbeid mellom Bergen legevakt og Akuttmedisinsk avdeling skal eininga bidra til at pasientar får rett hjelp, på rett stad og til rett tid.

Bakgrunnen for prosjektet er eit helsevesen under aukande press. Befolkningsvekst, fleire eldre innbyggjarar og mange transportar til legevakt og sjukehus utfordrar både ambulansetenesta og legevakta. Samstundes er det ikkje alle pasientar som treng transport eller innlegging. Med PVE kan helsepersonell gjere medisinske vurderingar heime hos pasienten og finne den løysinga som passar best for den enkelte.
– Vi er godt nøgde med oppstarten av PVE, og har sett at den på mange måtar løyser oppdrag i tråd med forventningane våre, seier Steffen Fløysand Berland, seksjonsleiar ved akuttmedisinsk avdeling og prosjektleiar for PVE.
Skal styrke samhandling
Ein viktig del av prosjektet er å styrkje samarbeidet mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Sjølv om samarbeidet i hovudsak skjer mellom Bergen legevakt og Akuttmedisinsk avdeling, kan effekten òg merkast andre stader i kommunen.
– Først og fremst opplever vi i piloten at det er betre forståing for kvarandre sin arbeidskvardag. Vi har god dialog om andre tenester òg, og er kanskje endå meir inspirerte til å tenkje på korleis samarbeidet kan forbetrast, seier Berland.
Berland legg til at PVE-teamet, som består av PVE-lege, paramedisinar og PVE-koordinator, opplever at pasientane får rett hjelp til sine behov.
Målet er at pasientane skal oppleve eit meir heilskapleg tilbod, samstundes som helsepersonell får betre avgjerdsstøtte og fleire alternativ enn transport til sjukehus.
Betre for pasientene
Prosjektet rettar seg særleg mot pasientgrupper som ofte har samansette helseutfordringar, mellom anna eldre og personar med fleire kroniske sjukdomar.
For desse pasientane kan transport til legevakt eller sjukehus vere både krevjande og belastande. Ved å gjere vurderingar heime kan helsepersonell i større grad avgjere kva pasientar som treng innlegging, og kva pasientar som kan få behandling eller oppfølging der dei er.
Berland trekkjer fram ein av dei første pasientane som fekk hjelp gjennom piloten:
– Dette var ein eldre pasient som hadde hatt gjentekne fall og fallande allmenntilstand over ei veke. I eit tradisjonelt forløp ville pasienten truleg blitt transportert til legevakt for vurdering. PVE reiste i staden heim til pasienten, undersøkte grundig og avdekte ein infeksjon hos pasienten.
Han fortel at behandling kunne startast umiddelbart heime hos pasienten.
– Pasienten slapp all transport, og ambulansetenesta brukte ikkje tid på å køyre mellom legevakta og heimen.
Tilbakemeldingane frå pasientar og pårørande er at dei blir positivt overraska over kor grundige undersøkingar som kan gjennomførast heime, og at dei verdset å sleppe unødvendig transport, venting og belastning når hjelpa kan givast i eigen heim.
Ser framover
PVE er finansiert gjennom eksterne midlar og støtte frå Rebekka Ege Hegermanns legat. Erfaringane frå dei første månadene vil vere viktige i det vidare arbeidet med å utvikle tenesta.
Ambisjonen er å skape ei meir berekraftig helseteneste der pasientane får hjelp på rett nivå frå starten av, samstundes som ressursane blir brukte der dei trengst mest.
– For legevakt og akuttmottak er det vanskelegare å seie noko om effekten enno, men det vil vere ein viktig del av evalueringsarbeidet framover, seier Berland.
Les meir om Prehospital Vurderingsenhet i Bergen her (alrekhelseklynge.no)