- Eit skifte i kreftbehandlinga
- Og eit steg inn i framtida. Statsråd Jan Christian Vestre var begeistra på opningsmarkeringa for protonbygget i Bergen.
- At vi no kan tilby protonbehandling for kreftpasientar frå heile landet – frå Nord-Norge og Austlandet i Oslo og frå Vestlandet og Midt-Norge her i Bergen, er verkeleg noko å rope hurra for, sa Vestre.
Saman med dei viktige samarbeidspartnarane i sjukehusa, internasjonale protonsentre, brukarorganisasjonar og tilsette feira Haukeland universitetssjukehus at protonbehandling endeleg er på plass.
- Dette er ein festdag. Mange har jobba lenge for at protonbehandling no blir realisert i Bergen. Difor er eg glad for at gjester og samarbeidspartnarar er med oss i dag for å feire dette, sa Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.
To av gjestene var spesielt inviterte. Siw Jannet Ravndal og Margrethe Fosse er dei to første pasientane som får den nye behandlinga i Bergen.
- Protonbehandling er ikkje meir effektiv, men meir skånsam. Det betyr mindre seinskadar. Det er viktig for pasientar som skal leve lenge, og i dei tilfella der svulsten sit nær kritiske organ som hjerne, hjarte, ryggmarg og nyrer, forklarer Oddbjørn Straume, klinikkdirektør ved Kreftklinikken ved Haukeland universitetssjukehus.
- Målet er at livet skal levas best mogeleg etter kreftbehandling.
Derfor har vi kjempa for dette på vegne av våre brukarar, og er ekstremt glad for å være her i dag, sier Ingrid Stendasvold Foss, generalsekretær i Kreftforeningen.
Første protonpasient
Ei veke tilbake i tid. Klokka er 10 onsdag 7. mai. Om det ikkje er månelanding, er i alle fall stemninga på kontrollrommet spent. Siw Jannet er første kvinne ut. Svulsten som pressar på viktige funksjonar i hjernen er ikkje mogeleg å operere ut. Ho håpar ho plagene som har satt ho ut av spill blir betre.
- Gårsdagens testrunde gjekk fint. Eg har forstått at det ikkje gjer vondt, så eg slappar eigentleg av. Det skal bli greitt å kome i gang.
Lege Tor-Christian Aase Johannesen følger med under førebuingane. Han forventar at svulsten vil krympe. No skal strålane i Haukelandsbakken gjere jobben.
- Då er vi i gang!
Behandlingsteamet har gjort alt klart, og stråleterapeutane og fysikarane har gått ut av behandlingsrommet. Første protonstråle vert starta frå kontrollrommet. Ei konsentrert forsamling føl med på skjermane. Etterpå slepp jubelen laus.
Behandlingsteamet har gjort alt klart, og stråleterapeutane og fysikarane har gått ut av behandlingsrommet. Første protonstråle vert starta frå kontrollrommet. Ei konsentrert forsamling føl med på skjermane. Etterpå slepp jubelen laus.
- Det er jo ein slags lykkerus – og stor glede! Dette vi har førebudd oss på lenge. Det er godt å være i gang, seier stråleterapeut Lydia Leithaug.
Tor-Christian Aase Johannesen har ansvar for begge dei to første pasientane. No er han glad.
- Det er jo dette vi har jobba med i mange år. Nå slepp vi å sende pasientene bort, og har sjølv kontroll over behandlinga.
- Det gjekk fint, seier Siw. Eg høyrte en svak lyd frå magneten, men det var eg førebuddd på.
Ho er i gang. No ventar 6 vekers dagleg behandling.
Meir kunnskap og samarbeid
Tilbake på opningsmarkeringa er det samarbeid og kunnskapsauke som er tema.
- Dette er resultatet av et imponerande nasjonalt samarbeid. Eg gler meg til fortsetjinga, seier Vestre.
Kreftforeninga har løyvd 10 millionar til forsking gjennom Nasjonal Ekspertgruppe i Stråleterapi Forsking.
- Vår jobb er å finansiere forsking som kan drive behandlinga framover. Morgondagens rette pasientar vil vere nokon andre enn dei vi har i dag takka vere forsking. Ny kunnskap gjev framskritt i behandlinga, sa Stenstadvold Ross.
Rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen og Christine Øye, prorektor for forsking ved Høgskolen på Vestlandet, var samstemte i at protonbygget gjev spanande moglegheiter i Bergen.
- Dette gir oss ein unik moglegheit til å ta forskinga i bruk, sa Øye.
- Vi gler oss til vidare samarbeid. Takk til alle som har bidratt gjennom år for denne dagen skulle bli mogeleg. Vi gler oss til det vi har i vente, avslutta ad Eivind Hansen.