Samla til felles arbeid om Pakkeforløp Heim

Pakkeforløp for utgreiing og behandling av kreft kom allereie i 2015. I januar 2022 vart eit nytt pakkeforløp, Pakkeforløp Heim, lansert. Dette pakkeforløpet fokuserer på kartlegging av pasientens behov og videre oppfølging utover selve kreftbehandlingen. Pakkeforløp hjem for pasienter med kreft - Helsedirektoratet.

Publisert 15.03.2023
Etter dette har ein jobba godt internt i både kommunar og sjukehus med å få oversikt over kva tiltak som allereie er på plass, og kva for punkter ein lyt forbetre.
 
Helsefelleskapet i vårt opptaksområde har vært tydeleg på at eit slikt oppdrag kun kan løysast i felleskap, og med utgangspunkt i dette – forankra oppdraget i samhandlingsstrukturen og oppmoda aktørane om å møtes til felles drøfting og planlegging. 
 
- «Målet må være at pasientar og deira pårørande skal oppleve eit heilskapeleg, tilpassa og samanhengande helsetenestetilbod – ikkje berre et samanhengande spesialisthelsetenestetilbod», formidla viseadministrerande direktør, Randi-Luise Møgster.
 
​Fredag​ 10. mars var forløpskoordinatorar og fagfolk frå sjukehuset samla til første workshop saman med kreftkoordinatorar, fastlegar og representantar frå forvaltninga frå alle dei 18 kommunane våre.

Forsamling i konferansesenter.

Over 80 tilsette både frå kommunar og sjukehus, var saman med prosjektleiar og brukare til stades i Bikuben.

Der fekk dei høyre innleiingar frå leiinga ved sjukehuset, frå Helsedirektoratet og frå brukarane, før dei gjekk i gong med felles gruppearbeid på tvers av både sektorar og profesjonar.
- «Eg trur at dette pakkeforløpet kan bidra til tryggleik og støtte til pasientane, både i den viktige overgangen mellom sjukehus og kommune og i den vidare oppfølginga i kommunen», formidla tidlegare kreftpasient, Sigrid Himle Iversen.
 
Fredagens workshop gav startskotet til eit felles arbeid med å løyse den felles oppgåva som nå ligg føre oss. 

Pål Ove VAdset, Trine Stabenfeldt og Sigrid Himle Iversen på scenen.

Pål Ove Vadset frå Seksjon for Helsetenesteutvikling i samtale med to tidlegare kreftpasientar, Trine Stabenfeldt og Sigrid Himle Iversen der dei delte både erfaringer, tanker og forventninger.

Ingunn Løvstad Sørensen frå Helsedirektoratet på storskjerm.

Ingunn Løvstad Sørensen frå Helsedirektoratet deltok via TEAMS og informerte om både bakgrunn for, og innholdet i pakkeforløpet.

Kontaktpersoner i Helse Bergen