Signy Midtbø Riisnes gir seg i Helse Bergen-styret
Etter nær 20 år i Helse Bergen-styret takkar Signy Midtbø Riisnes for seg. - Klok, konstruktiv og alltid godt førebudd til styremøta - ein veteran me kjem til å sakne. Slik beskriv leiarar i Helse Bergen henne.
Riisnes ser tilbake på spennande år i styret for Helse Bergen.
– Det mest synlege me har fått til er alle dei flotte bygga som har reist seg dei siste åra. Eg er spesielt glad for at Barne- og ungdomsklinikken har kome inn i Glasblokkene, og at DPS'en på Danmarksplass har vorte så fin. Pasientane og tilsette ved DPS'ane våre fortener det beste av både lokale og helsetenester, seier ho.
Ho vil også framheve arbeidet som vart gjort ved omlegging av Mottaksklinikken.
– Det var ei lang utgreiing og diskusjon i styret før Mottaksklinikken vart etablert. Då pandemien med Covid-19 kom viste deg seg at ombygging til mellom anna fleire einerom i klinikken var ei klok avgjerd. I dag er Mottaksklinikken ein av Noregs beste og største poliklinikkar, seier Riisnes, som er tydeleg stolt over resultatet.
Ho vil også gje sjukehuset honnør for arbeidet med å utvikle god leiarkompetanse, på alle nivå.
– Med godt samarbeid klarer me kva som helst
Riisnes er raus med ros, og understreker at både bygga og digitaliseringa er viktige verkemiddel for god drift. Ho er likevel tydeleg på kva som er den aller største verdien for Helse Bergen: Den flotte jobben som alle medarbeidarane gjer.
– Den viktigaste jobben framover er å behalde medarbeidarane, og å ta vare på kvarandre som kollegaer. Helsepersonell må i mykje større grad enn andre samarbeide med andre menneske, anten det er kollegaer eller pasientar og pårørande. Det krev mykje av dei sosiale evnene våre, og det er derfor viktig å halde kvarandre oppe, heie på kvarandre, og skape kultur for godt samarbeid. Med godt samarbeid klarer ein nesten kva som helst på dette sjukehuset, seier ho.
– Du blir aldri best åleine. Det å vere verdsmeister innan medisin er farlege greier, det har eg som lege sjølv erfart. Mange gonger kan eit hint frå ein sjukepleiar eller ein beskjed frå ein helsefagarbeidar vere det som gjer at ein stoppar opp og tenkjer litt annleis, seier Riisnes.
Eit viktig løft for psykiatrien
Riisnes ønskjer også å snakke om prioritering av psykisk helsevern, og ser fram til at Årstadhuset blir ein realitet.
– Når Årstadhuset står klart til bruk vil me få eit kjempeløft for pasientar innan rus og psykiatri, tett på somatikken. Då får me og frigjort lokale i Sandviken som er viktig for lokal og regional sikkerhetsavdeling.
Takk til folka i styret
Til slutt vil Riisnes framheve det gode arbeidet som er gjort i Helse Bergen-styret. Ho har vore styremedlem under fire styreleiarar; Finn Strand, Ranveig Frøyland, Svein Gjedrem og Terje Breivik.
– Eg er veldig takksam for dei åra eg har vore styremedlem. Eg har prøvd å gjere ein skikkeleg jobb kvar dag. Om eg har vore kritisk har det vore viktig for meg å vere konstruktiv. Me har hatt mange gode diskusjonar. Styremedlemmene som er valde av og blant dei tilsette, har bidrege veldig godt med erfaringa og kunnskapen sin. Det har vore svært nyttig når me har teke avgjerder, avsluttar Riisnes.