Helse Bergen søker tomt til ny helikopterbase for Luftambulansen
Helse Bergen skal flytte dagens helikopterbase frå Grønneviksøren i Bergen kommune til ein ny lokasjon. Vi søker derfor ei eigna tomt i størrelsesorden 6.500–7.000 m².
Publisert 19.02.2026
Sist oppdatert 04.03.2026

Om basen
Luftambulansebasen dekker eit område frå ca. Førde i nord til Tysvær i sør og Hardangervidda i aust. Dagens base ligg sentrumsnært i Bergen, men skal nå etablerast på ein ny lokasjon.
Aktuelle område
- Bergen kommune
- Bjørnafjorden kommune
- Øygarden kommune (gamle Fjell kommune)
Krav til tomta
- Relativt flatt område for sikker inn- og utflyging
- Geometrisk utforming: rektangulær eller tilnærma kvadratisk
Vi treng følgande opplysningar
- Eigarforhold
- Adressa til tomta
- Gnr./Bnr.
- Reguleringsstatus for tomta og nærområdet
- Eventuelle hefte/servitutt
- Kartskisse over tomta
- Tilkomme til eigedommen
- Er det hindringar i nærleiken som gjer det vanskeleg for helikopter å lande, jfr. høystpent leidningar, tett omkretsliggande fjell eller andre liknande hindringar.
Kommunikasjon
Spørsmål kan bli retta til:
Lars-Petter Smidt v/ Helse Bergen
E-post: lars-petter.smidt@helse-bergen.no
Frist for innlevering av forslag
Alle forslag må vere sendt inn innan 25.03.2026. Oppgi kontaktpersonen deira med kontaktinformasjon som e-post, namn, telefonnummer, og evt. organisasjonsnummer.
Tomteforslag sendes på e-post.