Statsbudsjettet 2023: - Strammare enn forventa

I forslaget til statsbudsjett som vart lagt fram i dag foreslår regjeringa å auke driftsløyva til sjukehusa med til saman 2,7 milliardar kroner. Men: Den høge pris- og lønsveksten i 2022 har gitt ein realnedgang i driftsløyva til helseføretaka på 1,2 milliardar. Dette vert ikkje kompensert.

Publisert 06.10.2022
Sist oppdatert 27.10.2022

- Den manglande kompensasjonen for kostnadsauken i 2022 gjer dette stramt. Strammare enn forventa, seier administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen.

Administrerande direktør Eivind Hansen

Administrerande direktør Eivind Hansen

- Vi kan alt no sjå at dette blir så knapt at tiltaka vi alt har sett i verk i sjukehuset i haust er heilt nødvendige. Om vi må til med ytterlegare tiltak, må vi kome tilbake til når vi har sett nærare på tala. 

Førebudd på krevjande tider

På eit bakteppe av krig i Ukraina, høge straumprisar både i Europa og her heime og ei stadig stigande rente, har det vore eit tydeleg signal frå styresmaktene gjennom hausten om at den offentlege pengebruken må ned.  Samtidig styrer sjukehuset mot eit budsjettavvik på 220 millionar kroner, noko som har særleg samanheng med auka kostnader, og med lågare aktivitet enn budsjettert i første halvår. Dette har sjukehuset alt tatt tak i, og mange einingar i sjukehuset jobbar godt for å redusere utgiftene.

- Det er viktig at vi prioriterer dei riktige oppgåvene utover hausten, understrekar Hansen.

- Først og fremst må vi skaffe oss god oversikt over dei mange som no ventar på behandling.  «Hekkbølgja» av fristbrot etter pandemien har blitt alt for stor. Dei som har fare for prognosetap må ha prioritet. 
Samtidig må det vere god styring på kostnadane, og sjukehuset må tenke nytt og smart.

Andre tiltak i sjukehuset som gjeld alle einingar er blant anna:


Alle skal ha fokus på fullstendig og rett koding av all aktivitet
Alle skal sikre god gjennomstraum i poliklinikk ved god planlegging 
Alle skal ha fokus på god gjennomstraum i operasjonsforløpa 
Alle skal ha et særleg fokus på sjukefråvere og ha tiltak for å auke nærværet
Alle skal bruke utarbeidd sjekkliste for vurdering av evt. nytilsetjingar
Alle skal styre medikamentkostnader innanfor sine områder
Alle skal aktivt bidra i å styre energikostnaden
Alle skal vurdere å stoppe/utsetje vedtekne tiltak som gir auka kostnader
Alle skal bruke tilgjengeleg styringsinformasjon
Alle skal vurdere trong for reiseaktivitet


Glad for vidare satsing på psykisk helsevern

Hansen er elles glad for at regjeringa sitt budsjettforslag øyremerkar 150 millionar kroner til fleire døgnbehandlingsplassar i psykisk helsevern, og at satsing på barn og unge blir nemnt spesielt. Han ser også fordelane ved at fastlegeordninga er foreslått styrka. 

- Det er viktig for samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta at vi har ei sterk fastlegeordning, seier han.

I forslaget til statsbudsjett seier regjeringa at den vil gi dei regionale helseføretaka større strategisk handlingsrom gjennom auka rammefinansiering, og foreslår derfor å redusere andelen innsatsstyrt finansiering (ISF) av somatiske helsetenester frå 50 til 40 prosent, dette svarar til 8,5 milliardar kroner.

– Det er viktig for oss at sjukehusa får rom til å prioritere oppgåver som ikkje gir inntekter gjennom innsatsstyrt finansiering. Vi ønsker at det skal vere enkelt for sjukehusa og fagfolka å prioritere rett. Denne endringa kan også gjere det enklare å prioritere opp psykisk helse i forhold til somatikken, seier helseminister Ingvild Kjerkol.

Korleis reduksjonen i delen innsatsstyrt finansiering vil slå ut for Helse Bergen sin del, er enno ikkje klart.
- Men det gir oss mindre insentiv til å auke aktiviteten for auke inntektene, påpeikar Hansen.

Klar for å ta ansvar

I tillegg til konkrete tiltak som alt er sett i verk eller planlagt, har Hansen fleire område der det er mogleg å gjere grep.

- Vi må spørje oss om vi kan planlegge betre fram i tid, om vi kan bygge kompetanse nedanfrå og dele oppgåvene på nye måtar, om vi i endå større grad kan sikre godt samspel i team rundt pasienten og mellom avdelingar og klinikkar, seier han.

- Med så mange dyktige, dedikerte og engasjerte medarbeidarar føler eg meg trygg på at vi kan finne nye og smarte måtar å jobbe på.

Og sjølv om Hansen ser at tida framover blir krevjande, veit han kven han har på lag, og han understrekar at sjukehuset er klart til å ta sin del av ansvaret i det som er ei utfordrande tid for samfunnet generelt.

- Vi har ein organisasjon og eit mannskap som har stått saman og fått oss gjennom krevjande tider før og det kan vi gjere igjen, understrekar han. 

- Vi skal gjere det vi kan best, å drive godt sjukehus. Vi skal sikre at pasientane og andre brukarar framleis får gode tenester.