Stor norsk klinisk studie viser at behandling med NAD ikkje bremsar Parkinsons sjukdom
Behandling med nikotinamid ribosid (NR) gav ingen klinisk gevinst hos personar med tidleg Parkinsons sjukdom. Resultata kjem frå den norske NOPARK-studien, som no er publisert i det anerkjende tidsskriftet JAMA. Studien er den største i verda av sitt slag.
Parkinsons sjukdom er ein av dei vanlegaste nevrologiske sjukdomane og den raskast veksande årsaka til nevrologisk funksjonstap globalt. Dagens legemiddel kan lindre symptom, men ingen behandling har til no klart å stanse eller bremse den underliggjande sjukdomsutviklinga.
NOPARK-studien var ein nasjonal, randomisert og dobbeltblind fase 3-studie gjennomført ved 11 norske senter. 410 personar med Parkinsons sjukdom vart tilfeldig fordelte til behandling med anten NR eller placebo i 52 veker. Studien vart leia av overlege og professor Charalampos Tzoulis ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen.
NAD er viktig for fleire sentrale prosessar i kroppen, mellom anna korleis cellene produserer energi, reparerer DNA-skadar og regulerer genaktivitet. Tidlegare forsking har vist at mitokondria, som fungerer som kraftverka til cellene, ikkje fungerer optimalt ved Parkinsons sjukdom. Mindre studiar over kortare tid har vist lovande resultat av behandling med NR, med teikn til klinisk betring. Dette danna grunnlaget for å undersøkje behandlinga i ein stor, langvarig og strengt kontrollert fase 3-studie.
– Vi hadde eit solid biologisk grunnlag for å teste denne behandlinga, og tidlegare, mindre kliniske studiar hadde gitt lovande resultat. I NOPARK-studien førte NR til ei tydeleg auke i NAD-nivåa, men dette førte ikkje til klinisk betring. Resultata våre støttar difor ikkje bruk av nikotinamid ribosid som sjukdomsbremsande behandling ved Parkinsons sjukdom, seier Charalampos Tzoulis.
Her finner du lenka til heile publikasjonen.

Foto: Eivind Senneset
NOPARK-studien vart leia av overlege og professor Charalampos TzoulisIngen klinisk gevinst av behandlinga
Sjukdomsutviklinga vart målt med den etablerte Parkinson-skalaen MDS-UPDRS, der ein høgare poengsum betyr meir uttalte symptom og funksjonsvanskar. Etter eitt år hadde deltakarane som fekk NR, i gjennomsnitt ei lita forverring på 2,45 poeng, medan placebogruppa var om lag uendra.
Forskjellen mellom gruppene var 2,72 poeng, med eit betre resultat i placebogruppa. Forskjellen var statistisk signifikant, men storleiken var moderat og låg under den vanlege terskelen for ei klinisk relevant forverring hos den enkelte pasienten. Studien viste dermed ingen klinisk gevinst av NR ved tidleg Parkinsons sjukdom.
Bileteundersøkingane viste ingen teikn til at NR bremsa eller framskunda sjukdomsutviklinga i hjernen. Det var heller ingen forskjell i førekomsten av biverknader mellom deltakarane som fekk NR og dei som fekk placebo.
I NOPARK fekk deltakarane 1000 milligram NR dagleg eller placebo. Dei vart undersøkte jamleg gjennom eitt år. Studien omfatta kliniske vurderingar, blodprøver og bileteundersøkingar av hjernen.
Resultata frå studien viser at nikotinamid ribosid (NR), eit stoff som aukar nivået av nikotinamid-adenin-dinukleotid (NAD) i kroppen, ikkje gav den sjukdomsbremsande effekten ved tidleg Parkinsons sjukdom som forskarane hadde håpa på.
– Tidlegare mindre kliniske studiar hadde gitt oss håp om lovande resultat. Studien vår viste ei tydeleg auke i NAD-nivåa, men dessverre førte ikkje dette til klinisk betring. Resultata våre støttar difor ikkje bruk av nikotinamid ribosid som sjukdomsbremsande behandling ved Parkinsons sjukdom, seier Tzoulis.
Råd til personar med Parkinsons sjukdom
NOPARK-resultata gir ikkje støtte til å bruke NR som behandling ved Parkinsons sjukdom. På bakgrunn av funna tilrår forskarane ikkje at personar med Parkinsons sjukdom brukar NR eller andre NAD-aukande kosttilskot utanfor kontrollerte kliniske studiar.
Funna utelukkar likevel ikkje at NAD-aukande behandling kan vere nyttig ved andre sjukdomar eller hos friske personar. Mindre studiar av enkelte arvelege nevrologiske sjukdomar har gitt lovande resultat. Effekten kan variere mellom sjukdomar og må undersøkast i eigne kliniske studiar.
Forskarane understrekar at eit negativt resultat ikkje er det same som ein mislykka studie. Det avklarar eit viktig behandlingsspørsmål, reduserer risikoen for at pasientar tek i bruk ei behandling utan dokumentert nytte, og gir retning for vidare forsking. Forskingsgruppa vil no analysere dataa vidare for å forstå dei biologiske mekanismane bak funna og undersøkje om ulike grupper av pasientar kan ha reagert ulikt på behandlinga.
– Vi er djupt takksame overfor deltakarane og familiane deira for tilliten, tida og innsatsen dei har lagt ned. Sjølv om resultata ikkje vart slik vi håpa, har bidraga deira gitt viktig kunnskap for framtidas behandling. Ein varm takk går òg til kollegaene ved dei 11 studiesentera for engasjementet og det gode samarbeidet gjennom fleire år. Saman gjorde de studien mogleg, seier Tzoulis.
Eit nasjonalt løft for kliniske studiar
NOPARK viser at norske fagmiljø kan gjennomføre store, akademisk initierte fase 3-studiar på tvers av heile landet. Med 410 deltakarar er dette den største internasjonale studien av NAD-aukande behandling ved hjernesjukdom.
Infrastruktur, kompetanse og samarbeid frå studien har allereie bidrege til nye nasjonale behandlingsstudiar innan Parkinsons sjukdom og beslekta hjernesjukdomar.
Studien er finansiert av Noregs forskingsråd, Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen, Helse Vest og KlinBeForsk. ChromaDex/Niagen Bioscience leverte nikotinamid-ribosid og placebo til studien. Ingen av støttespelarane hadde nokon rolle i studiedesign, datainnsamling, analyse, tolking av resultata, utarbeiding av manuskriptet eller avgjerda om publisering. Haukeland universitetssjukehus var sponsor for studien.
Kontaktinformasjon:
Charalampos Tzoulis, professor ved Universitetet i Bergen og overlege ved Haukeland universitetssjukehus, charalampos.tzoulis@uib.no
Kommunikasjonskontakt ved Haukeland universitetssjukehus: Helena Heimstad, helena.heimstad@helse-bergen.no