Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stor satsing på kunstig intelligens i pasientbehandling

Fire forskingsprosjekt innan medisinsk kunstig intelligens får støtte frå Trond Mohn forskingstiftelse (TMF). Tre av prosjekta blir leia frå Helse Bergen og eitt frå Universitetet i Bergen. Til saman får prosjekta 24 millionar kroner til å utvikle nye KI-løysingar for diagnostikk, behandlingsval og persontilpassa medisin.

Helena Heimstad
Publisert 25.11.2026
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Desse skal leie KI-prosjekta: (f.v.) Bjørn Tore Gjertsen, Kristine Fasmer, Hrafn Náttálfur Holger Weishaupt og Leif Oltedal.

– Framtidas helseteneste blir bygd no, og pasientane skal merke forskjellen. Kunstig intelligens kan gi raskare og sikrare diagnosar, behandling som er betre tilpassa den enkelte, og meir tid til det som betyr mest. Denne tildelinga er eit viktig steg på vegen, seier Marit Lieng, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.

Fire KI-prosjekt skal styrkje diagnostikk og behandling

Frå lovnad til praksis: Prosjektet om Integrert, forklarbar og skalerbar kunstig intelligens i medisinsk diagnostikk blir leia av forskar Hrafn Weishaupt ved Haukeland universitetssjukehus. Prosjektet skal utvikle metodar som gjer det enklare å ta i bruk kunstig intelligens i medisinsk diagnostikk. Målet er å gjere KI-verktøy meir robuste, forståelege og betre tilpassa klinisk bruk.

FOCUS-ECT, leia av Leif Oltedal, skal nytte kunstig intelligens til å betre behandlinga av pasientar med alvorleg depresjon. Forskarane vil utvikle modellar som kan føreseie både behandlingseffekt og risiko for biverknader før elektrokonvulsiv behandling (ECT) startar, slik at pasientar og behandlarar får eit betre grunnlag for å ta avgjerder.

Prosjektet om KI-basert presisjonsdiagnostikk ved gynekologisk kreft, leia av Kristine Fasmer, skal utvikle KI-baserte verktøy for meir presis diagnostikk og behandling av livmorkreft og livmorhalskreft. Ved å kombinere informasjon frå medisinske bilete, genetiske analysar og kliniske data ønskjer forskarane å leggje grunnlaget for meir persontilpassa kreftbehandling.

Det fjerde prosjektet blir leia av Bjørn Tore Gjertsen ved Universitetet i Bergen. Prosjektet skal bruke kunstig intelligens og avanserte blodprøver til å undersøkje korleis kreftpasientar responderer på behandling. Målet er å identifisere biomarkørar som kan gi tidleg informasjon om behandlingseffekt og bidra til meir treffsikre behandlingsval.

Viktig satsing på medisinsk KI

Satsinga på medisinsk KI skal leggje til rette for tettare samarbeid mellom kliniske miljø, medisinsk grunnforsking og teknologifag, og bidra til utvikling av nye løysingar som kan kome pasientar til gode både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

– Trond Mohn forskingsstiftelse er ein stolt støttespelar for ei ny satsing på medisinsk kunstig intelligens som er basert på tett samarbeid mellom Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus. Prosjekta er retta mot ulike sjukdomar der vi har store forventningar til at kunstig intelligens kan gjere ein forskjell i diagnostisering og behandling, seier dagleg leiar i TMF, Nicholas Knag Nunn.