Stort læringsutbyte frå sivil-militær beredskapsøving
– Takk til alle som deltok og bidrog til gjennomføringa av den sivil-militære øvinga fredag 6. juni. Erfaringane vi tek med oss no, gjer oss betre rusta til å handtere reelle hendingar, seier Eivind Hansen, som i kraft av å vere administrerande direktør òg er beredskapsleiar i Helse Bergen.

Øvinga vart gjennomført i samarbeid med Forsvaret, Sjøforsvaret, naudetatane, Bergen kommune og andre beredskapsaktørar i regionen. Over 500 personar frå ulike etatar var involverte på ulike måtar.
Scenariet for øvinga var ein eksplosjon og brann i ein bil like ved inngangen til Briggen på Haakonsvern. Eksplosjonen førte til skadar på fleire titals personar, og alle naudetatane vart kopla på. Ein time seinare i øvinga oppstod skyting med ukjende gjerningspersonar inne i bygget, noko som førte til at endå fleire vart skadde. Totalt 39 pasientar vart handterte under øvinga. Markørane som spelte skadde eller døde, var studentar frå sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet og medisinstudentar frå Universitetet i Bergen.

Janecke Engeberg Sjøvold ved Regionalt Traumesenter på Haukeland universitetssjukehus har vore leiar for øvinga. Ho er godt nøgd med gjennomføringa, og fortel at alle involverte fekk testa evna til samhandling og kommunikasjon. I tillegg fekk Haukeland universitetssjukehus testa eigne beredskapsplanar og evna til å handtere eit stort tal pasientar.
– Vi har lært mykje om korleis vi kommuniserer og prioriterer under press. Det var nyttig å øve på samarbeid med dei andre naudetatane, Bergen kommune og Forsvaret – både med tanke på logistikk, pasienthandtering og kommunikasjon. No skal vi gjennomføre ei grundig evaluering av alle fasar og delar av øvinga, seier Sjøvold.
Øvinga vart dokumentert av fotografar frå Helse Bergen og Forsvaret. Her er lenkje til bileta:
Helse Bergen: Beredskapsøvelse juni 2025 | Flickr
Forsvaret: Forsvaret | Mediebank