Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sykehusene får midlar for å redusere ventetidene

Måndag presenterte helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre regjeringa sitt ventetidsløfte for å få ned dei aukande ventetidene på sjukehusa. Det er løyvd til saman 2 milliardar kroner til sjukehusa i revidert nasjonalbudsjett, der 400 millionar er sett av til tiltak for å redusere ventetidene.

Publisert 15.05.2024
Sist oppdatert 04.09.2024

Partnarane i ventetidsløftet er Fagforbundet, Norsk Sykepleierforbund, Den norske legeforening, Delta, Psykologforeningen, Spekter, Virke, NHO Geneo og dei regionale helseføretaka. Partnarane skal saman arbeide langs tre hovudspor for å nå målet om at ventetidene skal ned. Dei tre hovudspora er helsepersonell, innovasjon og samarbeid. Aktuelle tiltak er betre ansvars- og oppgåvedeling, føremålstenlege arbeidstidsordningar, kvelds- og helgeopne poliklinikkar, færre rapporteringskrav og samarbeid med private aktørar etter avtale med og prioritering av det offentlege. 

Løfte i flokk 

– Dette var svært gledeleg og veldig kjærkome. Å få ned ventetidene er bra både for pasientar og for dei tilsette – ja for heile samfunnet. Vi skal vere med på å løfte i flokk saman med både helseministeren og dei tilsette. Midlane som følgjer med gir oss musklar og gjennomslagskraft, seier administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus Eivind Hansen. 

En mann som står foran trær
Eivind Hansen, Haukeland universitetssjukehus.

– Vi skal umiddelbart setje oss ned og finne konkrete tiltak som kan gi dei markante endringane i ventelistene som ministeren forventar. Det skal vi gjere saman med dei tilsette for å finne gode løysingar som både får ned ventetidene men samstundes sikrar at ikkje arbeidsbelastninga for dei tilsette går ytterlegare opp, seier Hansen, som også rosar helseministeren si inkludering av alle partane. 

– På Haukeland har vi over lang tid hatt eit tett og nært samarbeid med tillitsvalde og verneteneste. Dette forpliktande ventetidsløftet understrekar viktigheita av å arbeide saman for å skape ein god helseteneste, seier Hansen.

Nevroklinikken fekk skryt frå helseministeren 

På pressekonferansen der “Ventetidsløftet” blei presentert blei også innovasjon og nye måtar å tenke på, samt oppgåvedeling, trekt fram som viktige nøklar. Mellom anna blei Nevroklinikken ved Haukeland nemnt som eit godt døme. 

– Noko så enkelt som å ringe pasientane direkte for å høyre om dei eigentleg treng den ryggoperasjonen, har gitt konkrete resultat i form av at planlagde inngrep har blitt unngått. Det sparar ein mykje på i mange dimensjonar; pasienten treng ikkje operasjon, ingen påfølgjande sjukmelding eller opptrening, sjukehuset sparar på operasjonen pluss at ein annan som kanskje treng operasjonen endå meir slepp fram i køen. Slike enkle men effektive forbetringstiltak kan vi gjere meir av, seier Eivind Hansen. 

Tre hovudspor 

Regjeringa vil styrke sjukehusbudsjetta for å sikre auka kapasitet og kortare ventetider. I revidert nasjonalbudsjett for 2024 foreslår regjeringa derfor ei betydeleg styrking av sjukehusbudsjetta, som skal leggje til rette for ein ekstra innsats for å redusere ventetidene. Partnarane er einige om at følgjande tiltak er relevante i arbeidet med å redusere ventetider i spesialisthelsetenestene: 

Personell 

• Fagfolka er den viktigaste ressursen i sjukehusa, og er derfor også den viktigaste faktoren for å redusere ventetidene. Partnarane vil støtte opp om tiltak for riktig bruk av personell og kompetanse, herunder betre ansvars- og oppgåvedeling, føremålstenlege arbeidstidsordningar og redusert sjukefråvær. God leiing og styrking av merkantile funksjonar i sjukehusa kan bidra til betre arbeidsmiljø, betre planlegging, betre pasientflyt og frigjering av helsepersonellet si tid til pasientbehandling. Ekstrainnsats, som kvelds- og helgeopne poliklinikkar, er relevante tiltak i nokre samanhengar, og skal baserast på frivilligheit frå helsepersonellet si side. 

Innovasjon 

• Digitale løysingar og innovasjonar som blir dokumentert og spreidd  er viktige for å frigjere arbeidstid, for samhandlinga og for pasientane. Endringar i organisering, redusert rapportering og nye måtar å yte tenester på, herunder brukarstyrte poliklinikkar og gode logistikkløysingar, kan nyttast for å bidra til betre og meir effektive pasientforløp. 

Samarbeid 

• Den offentlege helsetenesta er ansvarleg for å sikre forsvarlege tenester og at pasientane opplever akseptable ventetider. Private aktørar, både ideelle og kommersielle, kan også bidra til å redusere ventetidene. Bruk av private aktørar skal skje etter avtale med dei regionale helseføretaka. Avtalespesialistane er ein viktig del av den offentlege spesialisthelsetenesta. Deira kapasitet er viktig for å redusere ventetidene og sikre forsvarlege tenester av god kvalitet. Det er også viktig med samarbeid om å utnytte kapasitet og kompetanse på tvers av sjukehus. Partnarane har alle viktige roller i å bidra til god bruk av fellesskapet sine knappe ressursar og etterleving av prioriteringskriteria i spesialisthelsetenesta. 

Les meir om regjeringa sitt ventetidsløfte