Syklotronen “Ulrikke” er på plass i Protonbygget
Midt på natta 27.februar vart syklotronen “Ulrikke” heist på plass i protonbygget i Haukelandsbakken. Dette er ein milepæl på vegen til at første pasient kan bli behandla med protonterapi i Bergen våren 2025. Protonterapi er ei ny form for strålebehandling i Noreg.
Syklotronen er produsert i Tyskland og kom til Bergen med båt forrige veke. Sent måndag kveld vart syklotronen frakta gjennom Bergen med spesialtransport og politieskorte til Protonbygget i Haukelandsbakken. Gjennom heile natta gjennomførte eit stort team den nøye planlagte operasjonen; å løfte den 70 tonn tunge syklotronen inn gjennom eit hol i taket og ned i strålebunkersen.
Sjå video frå natta da syklotronen vart heist inn i Protonbygget.
-Dette er ein viktig milepæl på vegen til at første pasient behandles med protonterapi i Bergen våren 2025. Det vart ei spennande og ganske så spektakulær natt, med ei nøye planlagt siste etappe for protonutstyret gjennom Bergen. På tross av usikre værforhold gikk både transport og sjølve løftet over alle forventning, forteller prosjektleiar Lars-Petter Smidt.
Kva er protonterapi?
Protonterapisystemet består av ein syklotron som som gir fart til protonar, slik at dei blir sendt ut med 2/3 av lysets hastigheit. Protonane blir leia av magnetar inn til to behandlingsrom, kor pasientane får kreftbehandling med protonterapi. Protonterapi har eigenskapar som reduserer omfanget av uønskt stråling av friskt vev i kroppen. Dette bidrar til å minske faren for komplikasjonar og biverknader frå sjølve strålebehandlinga. Den reduserte strålinga av friskt vev kombinert med stadig meir presise behandlingsteknikkar bidrar til at færre pasientar får komplikasjonar, og reduserer biverknader frå stråleterapi. Fakta om Protonbehandling
Barn og unge er særleg egna for den nye behandlingsforma sidan vev i utvikling er strålefølsomt. Andre pasientar som kan vere egna er dei med kreftformar nær sentralnervesystemet og stråleintolerante organar, for eksempel hjernen. I dag må desse pasientane til utlandet for å få denne behandlinga. Det vert også etablert eit Protonterapibygg ved Radiumhospitalet i Oslo. i 2025.
Albert fekk protonbehandling – og framtida tilbake
Ei historisk hending for fagmiljøet
Dette er ei historisk hending for fagmiljøa innan strålebehandling i Helse Bergen, nær 100 år etter at Rolf Widerøe fann opp forløparen til syklotronen på 1920 talet. Dei ansatte ved Kreftavdelinga vart alle invitert til feiring med kake og talar etter den spektakulære innheisinga. Direktør ved Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Oddbjørn Straume, understrekar følgande:
- I dag er vi glade for at transporten og innheisinga av Ulrikke gjekk så bra. Eg er mektig imponert over jobben som ingeniørane har gjort. Det er fasinerande å sjå store, grove kranar og trailarar i samspel med Ulrikke si vekt og skjøre høgteknologiske komponentar. Ein får litt science fiction kjensle av å gå gjennom bygget og sjå alt som kjem på plass. Dette er ei stor investering for helseregionane som forpliktar oss til å halde fram med jobben som starta kring 2010 med å etablere protonbehandling som ein viktig del av kreftbehandlinga i Noreg. Eg vil seie gratulerer med dagen til alle involverte!
Fakta om protonbygget i Bergen
- Protonbygget i Bergen skal ligge i Haukelandsbakken rett over nedre stasjon av Ulriksbanen.
- Bygget er på 5 etasjar og ca 10.700 kvm. Helse Bergen leiar sjølv byggeprosjektet.
- Bygget inneheld eit behandlingsrom med 360 graders roterbart gantry og eit forskingsrom med 360 graders roterbart gantry, kor forskningsrommet kan gjerast om til behandlingsrom ved behov.
- I 2024 blir utstyr lasta inn, montert og testa, og bygget blir ferdigstilt. Første pasient blir etter planen behandla i første kvartal 2025.
- Samla kostnad for protonanlegget, inkludert tunnel- og heisløysing og medisinsk teknisk utstyr (MTU): Om lag 1,400 milliardar kroner.