Synstelefonen er opna

Synstelefonen er eit samarbeid mellom Norges Blindeforbund og Augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, og skal vere eit lågterskeltilbod til heile den norske befolkninga.

Publisert 17.03.2023
Sist oppdatert 16.02.2024
Portrett av sjukepleiar Anette Særvold
Den erfarne sjukepleiaren Anette Særvold, svarer telefonen fredagar frå 09:00 til 11:45 og frå 12:30 til 15:00. 
 
Telefonnummeret er 55 97 80 80 .
 
Synstelefonen er ei teneste der personar kan ringe inn med spørsmål om syn, augeplager eller synsrehabilitering, og få råd og anbefalingar.
 
Personar som har spørsmål på eigne vegne, men og pårørande og andre, kan bruke tilbodet. 
 

Tips gjerne pasientar om denne moglegheita!

 
​Synstelefonen er finansiert av Norges Blindeforbund sitt forskingsfond.
 
 
OBS! Når ein ringer Synstelefonen blir det registrert anonyme opplysningar for å betre tenesta. Ingen opplysningar kan knyttast til innringar.
 

​​