Ta vare på kvarandre – Helse Bergen er klar for 17. mai-helga
Helse Bergen er godt førebudd på å ta imot dei som treng helsehjelp i løpet av 17. mai-helga. Det er sett inn ekstra ressursar både i Mottaksklinikken, Skadepoliklinikken og i ambulansetenesta.
– Vi går ei flott og varm 17. mai-helg i møte, med mange folk samla i sentrum og

festlege lag rundt omkring. Det er viktig å kose seg, men vi oppmodar alle til å ta nokre enkle forholdsreglar, seier Linn Dale Bergsma, direktør for Mottaksklinikken ved Haukeland universitetssjukehus.
Bergsma minner om at varme, alkohol og bunad ikkje alltid er ein god kombinasjon:
– Sol og høge temperaturar kombinert med alkohol, varme klede og gjerne høge hælar, kan auke risikoen for skadar. Hugs å drikke nok vatn, søk skugge innimellom, vis måtehald med alkoholen – og ikkje minst: Ta vare på kvarandre.
Ekstra bemanning og sykkelambulanse i sentrum
Avdelingssjef Pål-Inge Sæbø ved Skadepoliklinikken ber folk vere ekstra merksame når det er mange menneske samla på same stad:
– Vi minner spesielt om at elsparkesykkel og alkohol ikkje høyrer saman, seier Sæbø.
Også Akuttmedisinsk avdeling (AMA) har styrkt beredskapen. Det er sett inn tre ekstra ambulansebilar, og to sykkeleiningar er plasserte i sentrum for å betre tilgangen der det kan vere vanskeleg å kome fram med bil.
– På dagar med mykje folk i byen kan det vere utfordrande for ambulanse å kome seg fram. Derfor har vi sykkelambulansar ute, i tillegg til ekstra bilar, seier Tommy Nybakk, konstituert avdelingssjef ved AMA.
Ros til russen
Linn Dale Bergsma vil også sende ei helsing til årets russ:
– Både i fjor og så langt i år har russen i liten grad hatt behov for hjelp frå oss. Det vil vi gjerne rose dei for, seier ho.
– Vi ønskjer alle ein god og trygg 17. mai – både dei som skal på jobb, og dei som har fri. Og hugs: Dette er først og fremst barnas dag.
Praktisk informasjon til media
For å skjerme fagfolka våre, ber vi om at alle førespurnader frå media – også dei som gjeld Skadepoliklinikken – går via kommunikasjonsavdelinga sin vakttelefon: 958 90 445 eller direkte til kommunikasjonsdirektør Erik Vigander: 901 33 771 / erik.vigander@helse-bergen.no
Vanlege retningslinjer for informasjon om pasienttilstandar gjeld.
Foto av Linn Bergsma finner du her.