Tilsynet med Kvinneklinikken sine system og kompetanse påviser ikkje svikt
- Vi håper tilsynet kan bidra til å bygge tillit til svangerskaps- og fødselsomsorga vi leverer på Kvinneklinikken. Gravide og fødande kan vere sårbare. Tillit er ein føresetnad for god medverknad og bidrar til å forbetre fødselshjelpa, seier klinikkdirektør Susanne Albrechtsen.
Publisert 13.06.2023
Sist oppdatert 04.09.2024
I mai 2023 gjennomførte Statsforvaltaren i Vestland tilsyn med Kvinneklinikken. Dei undersøkte om helseføretaket sørgjer for at kvinner i fødsel med protrahert forløp (fødsel som drar ut i tid) vert følgde opp i samsvar med aktuelle lovkrav.
I utkastet til endeleg rapport konkluderer Statsforvaltar med at det ikkje er avdekka svikt i systema og kompetansen som skal sikre behandlingstilbodet til kvinner i fødsel med protrahert forløp ved Kvinneklinikken. Statsforvaltar konkluderer også med at det ikkje vart avdekka lovbrot under tilsynet.
- Vi set pris på at Statsforvaltaren i Vestland har gjennomført tilsyn med Kvinneklinikken, fordi vi opplever at det er stor merksemd rundt fødselshjelpa frå brukarar og media, seier Albrechtsen.
- Vi er sjølvsagt glade for at tilsynsrapportens konklusjon viser at vi har kompetente fagfolk og system som sikrar trygge tenester. På nasjonalt nivå har Kvinneklinikken i Bergen svært gode resultat når vi ser på alvorlege utfall som dødfødsel, alvorleg fødselsskade og bruk av keisarsnitt. Vi håper at tilsynets konklusjon og dei gode resultata i fødselsomsorga bidrar til å trygge brukarane våre og alle som er engasjerte i verksemda vår.
Brukarstemma er viktig
Ifølge tilsynsrapporten var 13 av 16 kvinner som vart intervjua i samband med tilsynet svært fornøgde med hjelpa dei fekk under fødselen.
- Dei følte seg godt ivaretatt av kompetent personell og fekk den informasjonen dei trengte. Det er vi glade for, seier Albrechtsen.
- Tilbakemeldinga frå tre kvinner som var mindre fornøgde gir konstruktive innspel som vi tar med oss i det vidare forbetringsarbeidet vårt. Resultata våre viser at vi gir trygg fødselshjelp, noko den foreløpige tilsynsrapporten bekreftar. Sjølv om alvorlege utfall er svært sjeldan, har fødselshjelpa ein ibuande risiko som vi aldri kan fjerne heilt. Det kan skje uønska hendingar, sjølv om vi gjer alt for å unngå det.
Tre dokumentasjonssystem
Når det gjeld utfordringa med tre dokumentasjonssystem, som tilsynet peikar spesielt på, så er det iverksett tiltak.
- Det er etablert ei styringsgruppe for anskaffelse av nytt elektronisk fosterovervakingssystem i Helse Vest. Det er utarbeidd ein konseptrapport og neste fase er anskaffelsesprosess. Planen er å få det ut på anbod i slutten av juni, fortel Albrechtsen.
- Dette nye systemet vil integrere lagring av fosterovervakinga i journalsystemet DIPS og dermed ta ned risikoen ved å ha tre ulike system.
Meir om tilsynet
I tilsynet har statsforvaltar undersøkt:
• om Helse Bergen sikrar at helsepersonell har nødvendig kompetanse
• arbeids- og ansvarsfordeling i arbeids- og vaktlag
• informasjonsformidling og samhandling, dokumentasjon, informasjon og medverknad
• oppfølging etter uønskte hendingar
• korleis Kvinneklinikken nyttar erfaringar frå pasientarbeidet til systematisk læring og forbetring.
I tilsynet har Statsforvaltar gått gjennom omfattande skriftleg dokumentasjon og gjennomført intervju med tilsette og pasientar.