Trond Mohn forskningsstiftelse støttar kreftforsking ved Haukeland: Skal gi nytt håp til pasientar med alvorleg kreft
Over 340 000 nordmenn har eller har hatt kreft – og talet er venta å auke i åra som kjem. Stiftinga bidreg til lovande kliniske studiar ved Haukeland universitetssjukehus. Målet er å utvikle meir treffsikker behandling.

Foto: Marius Løbø Fimland
Dagleg leiar i Trond Mohn forskningsstiftelse, Nicholas Nunn, seier at det er svært verdifullt å vere med på å gi fleire pasientar moglegheita til å delta i studiar som kan hjelpe dei til betre behandling – både for seg sjølv og på vegner av dei som blir ramma av kreft i framtida.
– Forsking er avgjerande for å gi pasientar med alvorlege kreftdiagnosar nytt håp. Gjennom desse prosjekta styrkjer vi evna vår til å tilby meir presis og personleg behandling, og vi tek viktige steg mot å betre livskvaliteten og overlevinga for pasientar som i dag har få behandlingsalternativ, seier Eivind Hansen, administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus.
Desse tre prosjekta får støtte:
STARS – Ny kombinasjonsbehandling mot aggressiv hjernesvulst
Prosjektet blir leia av Bente Skeie, og undersøker ein ny behandlingsstrategi for glioblastom (GBM). Sjølv etter kirurgi, strålebehandling og cellegift får dei fleste raskt tilbakefall, og det finst inga effektiv behandling.
Svulsten vernar seg mot stråling ved å produsere antioksidantar som reduserer behandlingseffekten. Forskarar trur at sulfasalazin (SAS), eit velkjent legemiddel, kan hemme denne verninga og gjere strålinga meir effektiv. No blir det planlagt ein større internasjonal studie med 108 pasientar, der effekten av dette legemiddelet skal testast over tre månader.
HUVAMER – Heimebehandling for blodkreft
Dette prosjektet har som mål å utvikle ei ny og meir tilgjengeleg behandling for akutt myelogen leukemi (AML). AML oppstår oftast hos eldre, og overlevinga er låg – berre éin av fire pasientar lever etter tre år.
Sjølv om det finst behandlingar, mister dei ofte effekt over tid. HUVAMER-prosjektet, leia av Bjørn Tore Gjertsen, undersøker ein ny kombinasjon av medisinar, med mål om å oppnå ei trygg, kostnadseffektiv og heimebasert behandling.
Forskarane skal identifisere biologiske markørar som viser kven som har nytte av behandlinga, for meir presis og effektiv terapi.
NorCUP – Jakta på kreftens opphav
Prosjektet omhandlar kreft med ukjent utgangspunkt, også kjent som CUP. Ved CUP har kreften allereie spreidd seg, men det er ikkje mogleg å identifisere kvar ho først oppstod, noko som gjer målretta behandling utfordrande. Tilstanden er sjeldan, men alvorleg – berre éin av fem pasientar lever eitt år etter diagnosen.
I NorCUP-prosjektet, leia av Stian Knappskog, nyttar forskarane avanserte analysar for å finne ut kvar kreften stammar frå. Målet er meir presis og personleg behandling som kan gi betre utsikter for pasientane.
Eit løft for framtidas kreftbehandling
Desse prosjekta gir ikkje berre håp for enkeltpasientar, men er også eit viktig steg mot endå meir effektiv, skreddarsydd og tilgjengeleg kreftbehandling.
– Gjennom desse prosjekta ønskjer vi å endre korleis vi forstår, behandlar og lever med kreft. Vi skal forbetre pasientforløpa, styrkje den kliniske forskinga og leggje til rette for meir samarbeid mellom fagmiljøa på sjukehuset. Eit viktig verktøy i dette arbeidet er utprøvarsjukehuset, som er eitt av sjukehusets fem satsingsområde. Her jobbar vi målretta for å gjere det enklare å gjennomføre kliniske studiar – på ein trygg og effektiv måte, både for pasientar, behandlarar og forskarar, seier forskingssjef Vibeke Vold.
Pasientar og pårørande som ønskjer meir informasjon om studiane, kan finne kontaktinformasjon via denne nettsida: Avanserte kliniske kreftstudier eller ved å henvende seg til behandlande lege.