To forskingsprisar til Haukeland

Haukeland universitetssjukehus fekk prisen for både Årets unge forskar og Forskingsprisen 2022 under Helse Vest sin årlege forskingskonferanse.

Publisert 18.11.2022
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Styreleiar Agnes Landstad, Thomas Lindner, Anna Marie Moe Øvstebø, Kjell-Morten Myhr, Olga Therese Ousdal, Conrad Bjørshol, Gro Anita Fonnes Flaten og Bjørn Egil Vikse. Foto: Silje Katrine Robinson.
Årets Ung forskar-pris gjekk til Olga Therese Ousdal, for hennar forsking innanfor skjeringspunktet mellom radiologi, nevrologi og psykiatri.  Ousdal er overlege ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus og 1. amanuensis ved UiB​.

Forskingsprisen 2022 vart tildelt Kjell-Morten Myhr, overlege ved Nevrologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus og professor ved Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Bergen.
Myhr får prisen for si framragande og banebrytande forsking på behandling av multippel sklerose.


- Dette er stas, seier administrerande direktør Eivind Hansen i Helse Bergen.
- Vi gratulerer Myhr og Ousdal, og vi er stolte over å ha dei her på sjukehuset. Begge forskarane er med på å bane veg for ny og betre pasientbehandling med forskingsaktiviteten sin. Vi gler oss stort over den kliniske og pasientnære forskinga. To så gjeve prisar er òg ei fjær i hatten og  til inspirasjon for heile forskingsmiljøet på Haukeland.

Kvinne med blomar og diplom, smilar

Olga Therese Ousdal, 1. amanuensis ved UiB og overlege ved Radiologisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus, Pris til ung forskar 2022. Foto: Silje Katrine Robinson.

Pris til ung forskar vart introdusert som ein ny, fast pris på konferansen førre året, og er ein samarbeidspris med midlar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest.

Kunnskapen frå Olga Therese Ousdal si forsking vil ha stor betyding for å kunne utvikle persontilpassa og effektiv behandling hos yngre og eldre pasientar i framtida, ifølge juryen.

– Dette er ein stor inspirasjon for meg og ei stor ære. Det at eg har fått tillit til å kunne arbeide med dette, har gjort meg til ein betre forskar, seier Ousdal.

 Mann, smiler. Har blomar og diplom i hendene. Foto.

KJell-Morten Myhr, forskingsprisvinnar 2022. Foto: Silje Katrine Robinson.

I grunngivinga til komiteen for forskingsprisen kan vi mellom anna lese at Kjell-Morten Myhr har vore ein pioner i MS-forskinga, og at forskinga hans har resultert i ein forskjell for livslengde og livskvalitet for MS-pasientane.

– Eg er umåteleg glad for denne prisen og eg takkar pasientane som vi har følgt opp gjennom åra. Dette er ei stor anerkjenning for meg og for nevrologimiljøet i Noreg. Tidlegare opplevde vi at pasientar døydde etter 5-10 år. No klarer vi ofte å stille diagnose tidleg og starte behandling så tidleg at vi kan stanse sjukdommen eller bremse han kraftig, seier Myhr.


 Tre personar med blomar og diplom, smiler. Foto.

Årets innovasjonspris gjekk til Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest, RAKOS. Thomas Lindner, Anna Marie Moe Øvstebø og Conrad Bjørshol tok i mot prisen for sin tenesteinnovasjon "Oppfølging av førstehjelpere".


Dei har, som dei første i verda, starta opp med systematisk oppfølging av førstehjelparar i etterkant av ei alvorleg hending. Oppfølginga er blant anna tilbod om ei gjennomgang av hendinga i samtale med helsepersonell som er erfarne med å snakke om vonde opplevingar.

– Dei som har teke eit samfunnsansvar ved å hjelpe andre, dei hjelper vi no, sa Thomas Lindner blant anna då dei mottok prisen.

Førstehjelparen får fortelle om si oppleving, stille spørsmål og få hjelp til å bearbeide vonde kjensler slik at dei skal slippe å kjenne på skuld. Førebelse studiar viser ein signifikant reduksjon av traumeopplevingar seks månadar etter denne oppfølginga.


–  Helse Vest har som mål at forsking og innovasjon skal vere av høg kvalitet, og til nytte for pasientane våre. Det bidreg årets vinnarar til, i aller høgste grad, sa Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest, på årets forskingskonferanse. Tre prisar blei delte ut på tre ulike område, til vinnarane frå Helse Bergen og Helse Stavanger.