To store fjør i hatten for Seksjon for hormonsjukdommar
Overlege Grethe Ueland og forskar Anette B Wolff har tatt storeslem frå Novo Nordisk-fondet. Forskarane har blitt tildelte forskingsstipend på til saman over 30 millionar kroner.
Stipenda er på 10 millionar danske kroner kvar for prosjekt som strekkjer seg over 5 år. Dette er forskingsmidlar som går direkte til Haukeland universitetssjukehus.
– Det er ingen løyndom at vi har som ambisjon å vere nasjonalt og internasjonalt leiande på binyresjukdommar. Tildelinga av desse stipenda er ei gåvepakke til heile laget vårt, som viser internasjonal anerkjenning, og gir oss høve til å arbeide vidare mot dette målet. Vi er stolte av å vere på lag med Grethe og Anette, og gratulerer begge med bragden, seier Kristian Løvås, seksjonsoverlege, Seksjon for hormonsjukdommar ved Medisinsk klinikk.
Lidenskap for kortisol
Overlege Grethe Ueland har fått tildelt "emerging fellowship" for prosjektet "Mild autonomous cortisol secretion, a frequent and treatable cause of the metabolic syndrome?" Grethe har allereie sett djupe spor i klinisk endokrinologisk forsking på Haukeland, i Noreg og i verda, med sterke publikasjonar i internasjonale tidsskrift. I tillegg til at ho er 50 prosent overlege, er ho medisinsk leiar av Norsk diabetesregister for vaksne, og har fram til nyleg vore postdoc 50 prosent, der ho har leia forsking på både Graves' sjukdom og binyresvulstar. Hennar hjartebarn og lidenskap er hormonet kortisol, som ho no får høve til å grava endå djupare i fleire år framover.
– Dette er fantastisk gøy! Mild autonom cortisolsekresjon (MACS) er ein svært vanleg tilstand som vi har blitt meir og meir klar over eksistensen til dei siste to tiåra. Her er det mykje vi ikkje veit, og mange kunnskapshol å lukke. Mine kollegaer og eg har i fleire år forsket på tilstanden, og med denne tildelinga frå Novo Nordisk får vi høve til å betre diagnostikken og behandlinga av MACS ytterlegare, seier Ueland.
– Diagnosen kan gi store konsekvensar med tanke på sjukdom og dødelegheit hos desse pasientane. Eg har mange sterke folk i ryggen både frå seksjon for hormonsjukdommar, medisinsk klinikk, og frå forskingsgruppa Endokrin medisin, leia av Eystein Husebye. Vi gler oss til å ta fatt på prosjektet.
Ho har via sitt profesjonelle liv til forsking på proteinet AIRE
Forskar Anette B Wolff har fått tildelt "ascending fellowship" for studiar av autoantistoff mot cytokiner, som ein mekanisme for autoimmunitet og immunsvikt. Ho har via sitt profesjonelle liv til studiar av ulike sider ved proteinet AIRE (autoimmune regulator). AIRE er ein sjeldan gang defekt, og gir opphav til autoimmune syndrom (APS). Ho har vore med i ei endokrin forskingsgruppe i 25 år, og krona i haust karrieren så langt med ein artikkel i Nature om tannfeil ved APS1 og cøliaki.
– Dette er utruleg stas, både fordi det ligg prestisje i det, men mest fordi eg no får høve til å gå i djupna på funn vi har hatt i tidlegare studiar og eg kan tilsetje folk med komplementær kompetanse til meg sjølv og miljøet vårt, seier Anette Wolff.
– Vi har oppretta eit nytt regionalt register og biobank for immunsvikt, og eg trur at dette kan vere grobunn for mange nye prosjekt som fører til betre diagnostikk og behandling for pasientar med autoimmunitet og immunsvikt. For sjølv om eg driv basal- og translasjonsforsking, så er pasientane og helsetenesta heilt klart målet. Tett samarbeid med det gode kliniske endokrinologiske miljøet på Haukeland sikrar at vi kan bruke forskingsresultata «i praksis». Eg gler meg veldig til å samarbeide med andre kompetansemiljø lokalt og i inn- og utland for å få dette til, seier Wolff.
Stolt mentor
Spesialist i indremedisin og endokrinologi professor Eystein Husebye er stolt over kva forskarkollegaene har fått til.
– Å få midlar viser den enorme jobben som ligg bak og som strekker seg over mange år. Ikkje minst viser det styrken til fagmiljøet i endokrinologi ved HUS i tett samarbeid med UiB. Vi er utruleg stolte av dei, seier professor Eystein Husebye.