Torsdag fekk Ingvild Kjerkol rapportane om korleis helsesektoren skal prioritere
Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol sette ned tre ekspertgrupper for å arbeide med særleg utfordrande problemstillingar som treng avklaring før ny prioriteringsmelding.
Professor i medisinsk etikk og leiar i klinisk etikkomité i Helse Bergen, Ingrid Miljeteig, har leia ekspertgruppa Åpenheit og leverte rapporten «Tillit til prioriteringar – auka openheit, medverknad og kompetanse». Mandatet til ekspertgruppa var å utgreie konsekvensane av meir openheit og etterprøvbarheit ved prioriteringsavgjerder, føreslå tiltak for meir openheit på systemnivå og ved kliniske avgjerder på individnivå, i tillegg til å utgreie konsekvensar for korleis vi kan auke forståing, kunnskap og kompetanse i prioritering.
Vi spurde Ingrid Miljeteig tre spørsmål om arbeidet rundt rapporten:
Kvifor er denne rapporten viktig?
— Å sikre tillit og legitimitet til prioriteringsprosessar er meir viktig enn nokon gong. Gitt dei utfordringane vi står i og i enno sterkare grad vil møte i åra som kjem - fleire eldre og kronisk sjuke, nye dyre behandlingsmåtar og mangel på helsepersonell, så blir rettferdig prioritering av ressursane ein av dei viktigaste oppgåvene våre. I rapporten skildrar vi dagens situasjon for korleis prioriteringar blir tekne på systemnivå og i helseføretaka, før vi føreslår tiltak for å sikre likebehandling,upartiskheit og konsistens over tid.
Tiltaka handlar om informasjon og kommunikasjon, inkludering og medverknad, revurderingsmoglegheiter og tilsyn. I tillegg har vi i rapporten med ein eigen del om tiltak for å fremje forståing for prioritering blant befolkninga, auke kunnskapsnivået om prioritering blant helsepersonell og andre, og tiltak for gode strategiar og støttefunksjonar i praktisk prioriteringsarbeid.
Korleis har det vore å arbeide med rapporten?
— Det har vore 4 svært interessante og lærerike månader sidan gruppa møttest første gong. Vi hadde eit stort mandat, og dyktige medlemmer og sekretariat har jobba intenst. Å vurdere om ein bør halde fram med hemmeleghald av prisar på nye legemiddel eller ikkje er eit komplisert økonomisk, juridisk og etisk spørsmål. Den delen av mandatet vårt blei diskutert nøye og lenge i gruppa. Openheit om pris er viktig, men vi fann at det har ein høg pris - les gjerne meir om denne problemstillinga i rapporten.
Kva håpar du rapporten skal føre til?
— Rapporten skal no på høyring før ny stortingsmelding om prioritering og vi håpar at vår og dei to andre ekspertgruppene sine anbefalingar kan skape debatt og engasjement og at det blir mange innspel.
Som leiar i klinisk etikkomité her i Helse Bergen håpar eg at rapporten kan bidra til at leiarar og tilsette i enno sterkare grad ser på eigne prosessar for korleis ressursane blir prioriterte og får i gang drøftingar om korleis det er eventuelle endringar som bør til for å sikre meir openheit, medverknad og kompetanse i avgjerdene. Det er viktig, ikkje berre for å sikre rettferdig fordeling, men også med tanke på dei tilsette sin trivsel og grad av moralsk stress i arbeidskvardagen. I tillegg håpar eg fleire ønskjer å lære meir om prioritering og verdivalga det inneber - her håpar eg at klinisk etikkomité kan bli sett på som ein ressurs.
Her er dei tre rapportane frå ekspertgruppene:
Rapport om prioritering og openheit