Ungdomsrådet rekrutterer

Er du mellom 12 og 25 år og har erfaring som pasient eller pårørande ved ein eller fleire av Helse Bergens avdelingar? Ynskjer du å påverke korleis ungdom vert møtt på sjukehuset? Då treng Ungdomsrådet i Helse Bergen deg.

Publisert 22.05.2025

I Ungdomsrådet får du vere med på mykje spennande som skjer på sjukehuset, oppleve korleis helsetenesta fungerer frå innsida, og bidra til å fremje brukarstemma til ungdom.

Vi søkjer no etter tre nye medlemmar, og oppmodar deg om å sende eit motivasjonsbrev på mail til ungdomsradet@helse-bergen.no innan 8. juni, der du fortel litt om deg sjølv, og kvifor du ønsker å vere med i Ungdomsrådet. Søknader vert vurdert fortløpande.

Har du lyst til å sjå meir av kva Ungdomsrådet jobbar med? Sjekk ut instagramkontoen @ungdomsradet_helsebergen 

Arbeidet vert honorert etter avtale. 

Ungdomsrådet i Helse Bergen

Ein ungdom er ikkje eit barn, og heller ikkje ein vaksen. Å vere ungdomspasient kan difor by på utfordringar som born ikkje møter på, og på utfordringar vaksne ikkje tenkjer over. Vi i Ungdomsrådet ønsker å bidra til at ungdom si stemme skal bli høyrt i saker som gjeld ungdom i spesialisthelsetenesta.

Meir om Ungdomsrådet
En gruppe mennesker som poserer for et bilde