Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

UniStem-dagen 2024: ungdomens første møte med stamcelleforsking

Fredag vart UniStem-dagen arrangert i Noreg for aller første gong, med Mohn forskingssenter for regenerativ medisin i spissen. Arrangementet samla 80 vidaregåandeelevar frå Bergen for å utforska moglegheitene innan stamcelleforsking, eit felt som kan revolusjonera framtidas medisin.

Publisert 26.03.2024

 

En gruppe mennesker som holder skilt
Eit spesielt høgdepunkt var den internasjonale videosamtalen med jamaldrande i Italia.

Noreg markerte sin debut i den globale vitskapsfeiringa UniStem-dagen den 22. mars 2024. Ved Mohn forskingssenter for regenerativ medisin, tilknytt Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus, fekk elevar frå Askøy og Nordahl Grieg vidaregåande skular sjansen til å dykka ned i stamcellenes fascinerande verden.

 Arrangementet, som no strekkjer seg over 13 land og to kontinent, har som mål å inspirera neste generasjons forskarar ved å kopla dei direkte med vitskapens frontlinjer. Arrangementet samla 97 universitet og forskingssenter, og over 250 vidaregåande skular med 30 000 vidaregåande-elevar i Europa og Australia.

Programmet var tettpakka med aktivitetar designa for å engasjera og informera. Frå føredrag om dei nyaste gjennombrota innan stamcelleforsking og 3D-bioprinting, fekk studentane ein sjeldan innsikt i både teoretiske og praktiske aspekt ved forskinga. Eit spesielt høgdepunkt var den internasjonale videosamtalen med jamaldrande i Italia, som understreka arrangementets globale rekkevidde og samarbeidets kraft i vitskapen.

-Opplegget var pedagogisk godt og variert. Temaet var direkte knytt til delar av læreplanen i biologi, samstundes fekk elevane sjå konkrete døme på forsking og ikkje minst korleis den føregår i laben. Veldig nyttig, fortel Kjell Augestad, lærar ved Nordahl Grieg vidaregåande.

Dress-to-impress konkurransen

En person som står foran en gruppe mennesker i hvite drakter
Prosedyren for påkledning.

Seks elevar var så modige at dei kom ned på scena for å ikle seg drakta og tilbehøret som må brukast dersom ein skal produsera celler i eit reinrom, for deretter å kunna gis som eit legemiddel til ein pasient. Petra Vogelsang, som arbeider ved Ex-vivo-fasiliteten, demonstrerte steg for steg korleis ein utførte prosedyren for påkledning. Alle elevane var kjempeflinke, sjølv om ingen ville blitt godkjent til å gå inn i reinromslaboratoriet.

-Jeg kunne ikkje ein gong ha tenkt at forskinga på stamceller har komme så langt og kunne vera så spennande. Det var eit opplegg der vi fekk læra på ein gøy måte, og eg er glad eg fekk komme, seier Espen Opsahl ved Nordahl Grieg vidaregåande skule.

Håper forskar-gnisten vart tent

UniStem-dagen 2024 i Bergen har ikkje berre vore ein feiring av stamcelleforskingas potensial, men også ein plattform for å byggja bru mellom akademiske institusjonar og den yngre generasjonen.

-Å engasjera med unge, nysgjerrige sinn er alltid ein glede. Deira entusiasme stadfestar viktigheita av vårt arbeid og den positive effekten det kan ha på framtida, seier Salwa Suliman, (PhD, forskar ved Institutt for klinisk odontologi (IKO), UiB).

En kvinne som sitter på en stol
Salwa Suliman.

Gjennom denne første deltakinga håpar arrangørane å ha tent ein gnist av nysgjerrigheit hos deltakarane; ein gnist som kanskje ein dag kan føra til banebrytande vitskaplege oppdagingar. Med dagens suksess ser UniStem-dagen i Noreg fram til å inspirera endå fleire studentar i åra som kjem.

-Det var utruleg gøy å ha vidaregåande elevar på besøk. Dei var nysgjerrige og stilte mange gode spørsmål. Saman med alle andre elevar i Europa som var med på UniStem-dagen utgjer dei morgondagens forskarar. Vi håpar vi fekk sådd eit lite forskarfrø i dei. Forsking går frå ætt til ætt. Den forskinga vi held på med no skal desse elevane ta vidare og i sin levetid vil dei oppleve store viktige medisinske gjennombrot, seier koordinator for dagen, Elise Aasebø, PhD i cellebiologi og koordinator i Mohn forskingssenter for regenerativ medisin.

-Vi er utruleg glade for at lærarane ved Nordahl Grieg og Askøy vidaregåande skule

En kvinne med blondt hår
Elise Aasebø

 hadde lyst til å ta turen til Haukeland denne fredagen. Vi har gleda oss til å visa elevane kva stamcelleforsking kan utretta, og vi synest det er fantastisk å tenka på at 30 000 elevar deltek på dette arrangementet samstundes! Vi er også veldig takksame for at Tekna spanderte lunsj på elevane.

 

Programkomiteen for UniStem-dagen-arrangementet i Bergen bestod av Elise Aasebø (koordinator i MRCRM), Salwa Suliman (forskar ved institutt for klinisk odontologi, UiB) og Turid Helen Felli Lunde (biokjemikar ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Helse Bergen og tillitsvald i Tekna).

Sjå programmet. 

Mohn forskningssenter for regenerativ medisin (MRCRM)