Heidra alle som har tatt fagprøve
14. februar vart det for andre gong i Helse Bergen si historie delt ut fagbrev under ei høgtideleg markering i Bikuben. Utdelinga var for alle som har tatt fagbrev i 2023.
- Vi gler oss over alle som vil bygge kompetanse som er relevant for tenestene våre, sa administrerande direktør Eivind Hansen i si helsing til den festkledde forsamlinga.
- Det er viktig for den einskilde, for arbeidsplassen og for samfunnet. Med fagbrev har ein gått eit viktig steg vidare og fått kompetanse som samfunnet har trong for. Dette er det viktig at vi feirar og gler oss over. Vi gratulerer alle kandidatane og ynskjer lukke til vidare!
I alt vart 46 fagprøvar bestått i Helse Bergen i året som gjekk. I Bikuben var 19 lærlingar og seks praksiskandidatar med familiemedlemmer til stades for å ta imot fagbrev og heider, totalt var det om lag 90 gjestar.
Ei av dei som vart feira under tilstellinga var Helene Kvamme, som har tatt fagbrev som helsefagarbeidar.
- Det har vore veldig lærerikt å vere lærling her i Helse Bergen. Eg har fått tett oppfølging og følt meg godt i varetatt. Det har vore spennande og gøy, men også utfordrande, på ein god måte, fortel ho.
Kvamme har vore lærling på Ortopedisk avdeling post syd og Barne- og ungdomsklinikken medisin 3. Under læretida har ho også hatt eit opphald i Bergen kommune, i heimesjukepleien i Åsane. Ho synest det er stas å bli markert med ei høgtideleg tilstelling i Bikuben.
- Eg synest det er fint og veldig kjekt å få ei ordentleg feiring. Det er kjekt å kunne feire det ein har fått til, og bli gjort stas på.
Victoria Waardal, med ferskt fagbrev som ambulansearbeidar, samtykker.
- Eg synest det er veldig hyggeleg at vi får markere ein stor milepæl saman med dei andre som har vore lærling i Helse Bergen. Det er fint at det blir sett av tid til å markere oss som er nyutdanna.
Også Waardal har trivest i læretida.
- Eg har blitt veldig godt tatt imot, lært mykje og opplevd mykje forskjellig. Kvar dag i ambulansetenesta er veldig varierande og givande, og eg synest det er spennande at kvardagen vår er så uforutsigbar. Eg har opplevd at kollegaer har villa meg det beste og bidratt i stor grad til at læretida mi skulle bli bra.
I Bikuben stod både snittar og lefserullar, kvit dame og sjokoladekake på menyen.
På talarstolen vart Eivind Hansen etterfølgt av Atle Rasmussen, leiar i Yrkesopplæringsnemnda.
- Fagbrev er dokumentasjon på at ein har god kompetanse innanfor faget sitt, seier Rasmussen.
- Fagbrev har lange tradisjonar i Noreg, er høgt verdsett og gir mange moglegheiter i arbeidslivet. For den enkelte er dette noko som ein vil ha med seg, og som har betydning for resten av arbeidslivet- uansett om ein held fram i yrket, tar vidareutdanning eller tar andre vegar.
Rasmussen synest det er flott at Helse Bergen har eit eige arrangement for nye fagarbeidarar.
- Dette viser at ein set pris på og verdset dei nye fagarbeidarane og fagbrevet som dei har oppnådd, seier han.
Helse Bergen er godkjent lærebedrift i følgjande lærefag:
Ambulanse
Automatisering
Barne- og ungdomsarbeidar
Ernæringskokk
Gjennvinningsfaget
Helsearbeidar
Logistikk
Portør
Sikkerhet
I tillegg er Helse Bergen godkjent i Byggdriftarfaget gjennom eksternt opplæringskontor.
Utlysing av nye læreplassar i fleire av desse faga ligg ute no.