Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utlysing av midlar for forsking på kvinnehelse

Helse Bergen, i samarbeid med Det medisinske fakultet og Trond Mohn forskningsstiftelse (TMF), utlyser midlar til forsking på kvinnehelse.

Ingrid Ovidie Lydersen Hagerup, UiB
Publisert 12.04.2024
Sist oppdatert 04.09.2024
En gruppe personer gir hverandre "high five" utendørs.
Illustrasjonsfoto: Colourbox

- Forsking på kvinnehelse på sjukehus er kritisk for å forstå og adressere kvinners spesifikke helsebehov. Forskinga hjelper til med å redusere helseforskjellar mellom kjønna og sikrar målretta tilnærmingar for betre førebygging, diagnostisering og behandling av kvinnelege helseproblem, seier klinikkdirektør Susanne Albrechtsen ved Kvinneklinikken (bildet).

En person som bruker briller
Direktør ved Kvinneklinikken, Susanne Albrechtsen.

Trond Mohn Stiftelse har sett av inntil 24 millionar kroner til dette forskingsprogrammet, og UiB og Helse Bergen skal bidra med tilsvarande beløp.

–  Forsking knytt til kvinnehelse har gjennom fleire år fått relativt lite merksemd og har hatt dårleg finansiering. Vidare forsking på kvinnehelse er avgjerande for å gi kvinner ein tilpassa helseteneste, seier prodekan for forsking ved Det medisinske fakultet ved UiB, Marit Bakke.

Det medisinske fakultets nye senter for kvinnehelseforskning, Driv, skal fremje forsking som bidrar til å eliminere kjønnsbaserte ulikskaper i helsevesenet. Senteret er etablert i tett samarbeid med Helse Bergen og andre partnarar i Bergensregionen.

 

Formålet med forskinga som blir knytt til Driv er at alle aspekt av kvinnehelse blir forstått, behandla og prioritert på lik linje med andre helseområde.

 

Det blir no lyst ut eit forskingsprogram som er spesielt retta mot vitskapeleg utvikling av Driv, i form av støtte til forskingsprosjekt. Utlysinga er ei felles satsing av TMF, UiB og Helse Bergen. Målet er å styrke forskinga på kvinnehelse i Bergen og i Norge.

Les meir på UIB sine engelske nettsider.