Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Forskingsprisar til thoraxkirurg og perfusjonist

Thoraxkirurg Terje Aass og perfusjonist Arve Mongstad vann kvar sine forskingsprisar under den årlege Scandinavian Conference for Cardiothoracic Surgery i Reykjavik sist veke.

Publisert 29.08.2016
Sist oppdatert 19.12.2023
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
​Begge tilhøyrer Thoraxkirurgisk seksjon, Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus.

Overlege og PhD-kandidat cand.med. Terje Aass vann den største prisen, «C. Walton Lillehei, Ph.D MD, Young Investigators Award». Aass fekk prisen for sitt foredrag “Myocardial energy status and ultrastructure with polarizing and depolarizing cardioplegic arrest in a porcine model”. 
Prisen er donert av St. Jude Medical og var på 5000 dollar. 

Terje Aass arbeider med eit doktorgradsprosjekt knytt til Hjarteforskingsgruppa ved Klinisk institutt 2, Det medisinsk-odontologiske fakultet, Universitetet i Bergen. 

Prosjektet er ein dyreeksperimentell studie av ei ny kardioplegiløysing som blir brukt for å stanse hjarta og beskytte myokard ved opne hjarteoperasjonar der ein bruker hjarte-lungemaskin. Den store forskingsprisen er knytt til minnet om C. Walton Lillehei, ein amerikansk hjartekirurg med aner frå Hordaland, som blir skildra internasjonalt som den opne hjartekirurgiens far. Rettleiarane til Terje Aass er professor Ketil Grong, professor Knut Matre og professor, overlege og seksjonsleiar ved Thoraxkirurgisk seksjon Rune Haaverstad. 

Perfusjonist Arve Mongstad vann ein pris på 1500 Euro for beste foredrag under den vitenskaplege sesjonen til The Scandinavian Society of Extracorporeal technology for foredraget «Microvascular fluid homeostasis during cardio-pulmonary bypass in a porcine model».

Dei næraste medarbeidarane i dette arbeidet, som også er ein dyreeksperimentell studie, har vore professor Paul Husby, førsteamanuensis/overlege Venny L. Kvalheim og overlege Øyvind Svendsen.​