Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Haukeland er blitt Bergens første Sykkeldynamo-bedrift

Bergen kommune har starta eit sykkeldynamoprosjekt, og Haukeland universitetssjukehus er første verksemd som har fått status som sykkeldynamo. Bakgrunnen er at sjukehuset tilrettelegg for at fleire kan bruke sykkel til og frå jobb.

Publisert 27.09.2016
Sist oppdatert 19.12.2023
to menn håndhilser og viser frem diplom.foto
Sykkelsjef i Bergen kommune Einar Grieg og administrerande direktør Eivind Hansen.
​​– Det er svært gledeleg at Haukeland ønsker å vere ein Sykkeldynamo. No er målet at dei skal inspirere andre og sjølv la seg inspirere av dei som kjem til i nettverket av Sykkeldynamoar, sa sykkelsjef Einar Grieg i Bergen kommune då administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus  Eivind Hansen mottok beviset på at sjukehuset no er blitt sykkeldynamo-bedrift.

- Vi ser frem til å samarbeide, og vil satse vidare på dette, for sykkel er eit viktig framkomstmiddel til og frå sjukehuset, seier Eivind Hansen.

Du kan lese meir om sykkeldynamo-prosjektet på sykkelbyenbergen.no sine nettsider.