Sigrid stortrivst som trainee på Haukeland
Traineeprogrammet til Haukeland er blitt svært populært, og er no ein del av den ordinære drifta. Nytt av året er at programmet starta opp i juni i staden for august, og Sigrid Seim er ein av 32 nyutdanna sjukepleiarar som er i full gang med ny fast jobb.
Publisert 11.07.2016
Sist oppdatert 19.12.2023
Sigrid Seim byrja på sin første traineeperiode hos Nevrokirurgisk avdeling allereie 27. juni. Ho stortrivst og anbefalar andre sjukepleiarstudentar om å bli trainee som henne.
– Eg har blitt tatt godt imot her på avdelinga. Sjølv om det er utfordrandre er det samstundes spennande å få teste seg sjølv ved ulike avdelingar, seier Sigrid som er glad ho no er sikra fast jobb ved Haukeland universitetssjukehus.
Etter ein grundig rekrutteringsprosess er 32 nyutdanna sjukepleiarar tatt opp i årets trainéeprogram som er blitt stadig meir populært. I år var det 94 søkarar mot 80 i fjor og dei startar opp i juni i staden for august.
Knytter til seg gode folk
– Vi skal uansett tilsetje sommarvikarar, så det er enklare for alle å starte programmet i juni. Søkarane er mange og svært gode, så dette er tydeleg blitt eit populært program. Vi treng stadig nye tilsette, derfor er det gunstig for oss å knytte til oss gode folk gjennom dette programmet. Målet er å ha 60 traineestillingar på huset til eikvar tid, fortel traineeansvarleg Brita Ommedal Tarberg.
Traineeprogrammet starta som eit prosjekt i 2012, og er no blitt del av den ordinære drifta ved Bemanningssenteret. Haukeland universitetssjukehus var første sjukehuset i Noreg med eit slikt tilbod. Mange andre sjukehus kopierar no modellen og Brita og andre frå Bemanningssenteret reiser rundt for å dele sine erfaringar med andre.
Hovedmålet med programmet er redusere deltids- og midlertidige tilsettingar og gje dei nyutdanna sjukepleiarane ein trygg og god overgang inn i arbeidslivet. Samstundes får ein byggje breddekompetanse hos desse sjukepleiarane.
God start på arbeidslivet
– Dei to åra blir ein veldig god start på arbeidslivet. Istaden for å byrje i deltidsstillingar som ferske sjukepleiarar ofte gjer, får traineear 100 prosent fast stilling og får samstundes testa ut ulike avdelingar ved sjukehuset.
Fleire nemner fast jobb som ein god grunn til å søkje traineestillingar. Ein får og god oppfølging gjennom fagsamlingar, rettleiing og kurs. Samstundes får ein arbeide ved tre ulike avdelingar gjennom dei to åra, der ein helst bør vere innom kirurgi, medisin og psykiatri.
– Vi får mykje breiddekunnskap ved å jobbe på denne måten, og blir godt kjende på sjukehuset. For meg er dette ein god måte å finne ut kva for avdeling som passar best for meg, seier Sigrid Seim som samstundes skryt av den gode oppfølginga ho får.
– I tillegg til opplæring og god velkomst, blir vi fulgt opp med blant anna jevnlege fagdagar saman med dei andre traineeane. Det trur eg er viktig.
Verdifull kompetanse
Sigrid anbefalar varmt traineeprogrammet, og trur sjukehusa vil vinne mykje med denne måten å rekruttere nye sjukepleiarar på.
Sjølv om prosessen frå søknad til fast traineestilling er lang, går det veldig bra, fortel Sigrid som er glad ho no kan tileigne seg verdifull, brei kompetanse og gode referansar som vil gjere det enklare å få seg jobb andre stader seinare.