18 av 19 pasientar utskrivne

18 av dei 19 pasientane som kom inn til Haukeland universitetssjukehus etter hendinga på Sletten senter i går er utskrivne. Sjukehuset har ikkje funne ut kvifor pasientane blei dårlege på kjøpesenteret.

Publisert 17.10.2017
Sist oppdatert 08.11.2017

I løpet av måndag kveld blei totalt 19 pasientar langt inn på Haukeland universitetssjukehus etter hendinga på Sletten senter. Dei fleste blei utskrivne seint måndag kveld. I dag tysdag 17. oktober er ein pasientar innlagt. Denne blir utskriven i løpet av formiddagen.

Haukeland universitetssjukehus har gjennom undersøkingar som har blitt gjort, ikkje funne ut årsaka til at personane blei dårlege under opphaldet på Sletten senter.

For ytterlegare kommentarar:

Anne Taule, Klinikkdirektør, Mottaksklinikken 55 97 82 04