Avskjed med Soul Party
Etter fire år, tallause øvingar, fleire titals konsertar og til og med ei plateutgjeving, gir musikkterapibandet Soul Party seg.
Soul Party har vore eit musikkterapitilbod ved Bjørgvin Distriktspsykiatriske Senter i fire år, og har avskjedskonsertar på Madam Felle og i Ytre Arna 10. og 13. mai.
Les meir om Rockovery-arrangementet på Madam Felle
Soul Party er truleg det første musikkterapibandet innan psykisk helsevern i Noreg som har gitt ut ei offisiell cd-plate.
EP’en «Wicked Times» er produsert av Yngve Sætre (Dum Dum Boys, De Lillos m.fl.) i Duper Studio, og gitt ut på eige selskap, Soul Party Records.
CD’en består utelukkande av komposisjonar signert Francis McAuley. Han var aktiv musikar i Bergen på 90-talet og har no begynt å ta opp igjen nokre av kontaktane frå den tida.
- For meg har Soul Party betydd veldig mykje, seier Francis McAuley.
- Eg har fått lov til å starte på nytt igjen i trygge rammer saman med Øystein og Preben. Eg hadde ikkje fått moglegheita til å bruke musikkinteressa mi viss ikkje eg hadde hatt bandet. I tillegg til å få spele har musikkterapien gitt meg opplevinga av meistring og samarbeid.
Ressursbevis
Ifølgje Lydvo er det enkelte som kallar ein CD for verdas dyraste visittkort.
- I musikkterapi kan ein heller sjå på ei cd-plate som eit ressursbevis, seier han.
- Kall det gjerne for "verdas dyraste helsekort". Innspelingane er eit nyttig verktøy i arbeidet med å etablere seg i nye band og å knyte kontaktar i musikkmiljøet.
McAuley har alt nokre musikalske sideprosjekt der han bidrar i andre sine band.
- Det er mogleg eg kjem til å satse meir på å skrive eigne låtar utover hausten, og kanskje få spelt inn noko i mitt eige namn. Men det får tida vise, seier han.
Tidsavgrensa tilbod
Ifølgje Lydvo kan avslutning vere eit vanskeleg tema for band innan musikkterapi, og spesielt for dei som utøver samfunnsmusikkterapi.
- Samspelet og spelejobbane knyter sterke band, og gruppa fungerer på mange måtar som eit vanleg band, forklarer han.
Men for Soul Party var rammene klare frå dag ein: Bandet var eit tidsavgrensa musikkterapitilbod på DPS-nivå.
- Vi har snakka mykje om avslutninga, slik at alle var budde på ho, understrekar Lydvo.
Samstundes påpeiker han at det å avslutte samarbeidet kan ha klare fordelar for dei andre bandmedlemmene.
- Soul Party har etterkvart blitt eit kjent namn innan psykisk helse-feltet, og det er stort sett i samband med psykisk helse bandet har fått tilbod om spelejobbar. Dersom eg hadde halde fram i bandet er sjansane store for at bandet alltid ville blitt relatert til dette feltet, seier han.
Gjennom å gå ut av bandet gjev Lydvo dei to andre anledning til å etablere
seg som musikarar utanfor psykisk helse-miljøet, dersom dei ønskjer det – enten saman eller kvar for seg.
- Sett på spissen, så kunne det at eg heldt fram i bandet ha bremsa effekten av samfunnsmusikkterapien. I tillegg kan det vere etiske problemstillingar rundt det at musikkterapeuten held fram på frivillig basis.
Vil høyre meir til Francis og Preben
Mens McAuley har tatt opp igjen kontaktar frå musikklivet på 90-talet, har
Preben Samuelsen engasjert seg i frivillig arbeid i oppfølgingstilbodet MOT82 på U82-huset, og har fleire musikkprosjekt på gang der.
- I tilfellet Soul Party er det naturleg at bandet no blir oppløyst, i alle fall lagt på is ein periode, slik at musikkterapibrukarane får moglegheit til å prøve seg på eiga hand, seier Lydvo.
- Tilfriskinga er tydeleg, og det passar betre for dei å utøve musikk andre stadar enn på eit sjukehus.