Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bjørn Tore Gjertsen er ny forskingsdirektør

Bjørn Tore Gjertsen (51) er tilsett som ny forskingsdirektør ved Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus.

Anette Hellstrøm
Publisert 09.07.2017
Sist oppdatert 25.09.2017
Bjørn Tore Gjertsen er ny forskningsdirektør frå 1. november 2017. Foto: Kathrine Sunde

​​Gjertsen  er i dag overlege ved Seksjon for forsking og innovasjon (Seksjon for blodsjukdommar), professor i hematologi og prosjektleiar ved Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO) ved Universitetet i Bergen. I tillegg er han forskar i Centre of Excellence CCBIO ved Universitetet i Bergen og har ei forskingsgruppe som spesialiserer seg på leukemi (blodkreft).

No er Bjørn Tore Gjertsen klar for nye utfordringar.
 
– Haukeland universitetssjukehus har eit sterkt og aktivt forskings- og innovasjonsmiljø. I rolla som forskingsdirektør får eg vere med på å leie og utvikle regionsjukehuset mot framtida, og det synast eg er spennande. Eg ønskjer å halde fram det gode arbeidet som vi allereie gjer og bidra til å auke kvaliteten ytterlegare, seier han.

Tidleg sans for forsking

Sjølv har Gjertsen vore med på å forske sidan studietida på universitetet, men interessa for forsking starta så tidleg som på barneskulen. Allereie i sju-åtte års alderen var han djupt inni mikroskopering av både blod og gyngehest.

– Interessa for forsking har eg nok fått frå foreldra mine. Far min, som var avdelingsoverlege i Florø, kom ofte heim med blodutstryk og anna materiale som eg kunne sjå på. Eg tok også for meg av materiale frå gyngehesten. Den mista både hår og andre bitar på kroppen. Gjennom leik fekk eg auga opp for kor spennande naturen er og kva ein kan oppdage ved å studere det nærmare, forklarar Gjertsen.

– Han er offensiv og tenkjer nytt

Viseadministrerande direktør, Clara Gram Gjesdal, er veldig glad for at Gjertsen har takka ja til stillinga.

–  Gjertsen har både eit godt nettverk, han er offensiv og tenkjer nytt rundt fagmiljø, samarbeidsinstitusjonar, offentlege instansar og finansieringskjelder. I sitt virke på Haukeland har han vist ei brei interesse for forsking og han har ein unik evne til å trekkje parallellar inn i ulike fagmiljø. Eg trur han vil fungere som ein god forskingsdirektør for alle fagfelt og profesjonar, seier Gjesdal.

Kva er god forskingsleiing?

Som forskingsdirektør vil Gjertsen stå i spissen for eit spennande og anerkjent forskingsmiljø. Og i Seksjon for forsking og innovasjon vil han vere leiar for 40 kompetente medarbeidarar.
 
– Eg trur kjernen til god leiing er å gi rom for utvikling, kreativitet og ha fokus på kvalitet. Det håper eg å motivere for som leiar. I tillegg er det viktig å kjenne behovet i befolkninga – det er det som seier noko om korleis vi skal satse. Det er det vi må ha som kompass. Eg ønskjer meg derfor fleire pasientar inn i kliniske studiar, seier Gjertsen.


Den nye forskingsdirektøren tiltrer i stillinga 1. november.

Seksjon for forsking og innovasjon yter tenester for både Helse Bergen og til de andre helseføretaka i regionen på vegne av Helse Vest. Seksjonen skal leggje til rette for auka kvalitet og kvantitet av klinisk forsking, slik at helsetenesta kan gi eit betre tilbod til befolkninga på ein kostnadseffektiv måte.  Seksjonen bidrar mellom anna med rådgiving til kliniske forskarar i alle fasar av forskingsprosessen.

Seksjon for forsking og innovasjon består  av fleire einingar: 
• Sekretariat og stabsfunksjon for forsking i Helse Bergen
• Regionalt kompetansesenter for klinisk forsking (KKF)
• Fagsenter for medisinske kvalitetsregister i Helse Vest
• Fagsenter for innovasjon og kommersialisering
• Sekretariatet for Det regionale samarbeidsorganet
• Personvernombodet
• Klinisk forskingspost (barn og vaksne)

Utdanning

2009 Board certified specialist in haematology and internal medicine.
1995  PhD, Medical Faculty/ Department of Anatomy, University of Bergen, Norway
  Name of PhD Supervisor: Professor Stein-Ove Døskeland
1992  MD, Medical Faculty/ Department of Anatomy, University of Bergen, Norway

Noverande stillingar
2007 –   Professor (full) of Haematology, University of Bergen (UiB)
2007 –   Senior Consultant of Haematology, Department of Internal Medicine, Haukeland University Hospital, Bergen, Norway;
2010 –   Senior Consultant, Clinical Trials Unit, Department of Research and Development, Haukeland University Hospital, Bergen, Norway

Tidlegare stillingar
2002 – 2007  Postdoc, Department of Internal Medicine / UiB 50% position.
1999 – 2006  Resident in haematology, oncology and internal medicine 1999-2006.
1997 – 1999 Postdoc MD Anderson Cancer Center, Department of Molecular Pathology
Name of Supervisor Professor Timothy J McDonnell.

Forskingsdirektøren får ei sentral rolle i regionale oppgåver knytt til Helse Vest forskingsmidlar, forskingsstøtte, helseregister og metodevurdering.

Viktige oppgåver for forskingsdirektøren er oppfølging av dei regionale oppgåvene som Seksjon for forsking og innovasjon utfører på vegne av Helse Vest. Seksjonen koordinerer mellom anna arbeidet med Helse Vest sine samarbeidsorgan mellom det regionale føretaket og UH-institusjonane i regionen.

I tillegg har seksjonen ansvaret for å tildele og følgje opp Helse Vest sine forskingsmiddel på om lag 200 millionar kroner per år.