Gir håp og er bindeledd
- Det beste er å sjå at vi faktisk er til hjelp.
Slik oppsummerer Anne Djønne Eriksen og Rami Knudsen det første året som erfaringskonsulentar i Avdeling for rusmedisin.
Treng nokon som forstår
Avdeling for rusmedisin sitt Drop out-team med fire erfaringskonsulentar vart etablert for eitt år sidan. Eitt av hovudmåla med teamet var at dei skulle bli eit viktig bidrag i arbeidet med å setje pasientane og brukarane i sentrum.
- Tanken var at erfaringskonsulentane både skulle fungere som likemenn og rettleie rusavhengige, samtidig som dei skulle drive med brukarmedverknad og anna systemretta arbeid, seier prosjektleiar Kristina Åkerblom.
- Det har dei klart.
Illustrasjon: I teamet sin eigen statistikk frå arbeidet i 2016, er tala sin tale klar. Hovudvekta av arbeidet har vore likemannsarbeid med 54 prosent, deretter drop out- funksjonen med 30 prosent. Begge desse kategoriane reflekterer direkte kontakt med brukarane. Av oversikten over ser du også at brukarmedverknad, systemarbeid og opplæring/kursing har vorte ivaretatt.
Drop out-teamet er tilgjengeleg for alle brukarar i Bergen, uavhengig av om dei er i behandling, har droppa ut av behandling, held på å droppe ut av behandling eller ønskjer seg i behandling.
- Mange treng å snakke med nokon som har vore der sjølv, nokon som forstår. Vi kan vere med og gi håp, seier Rami.
- Og vi er stort sett tilgjengelege heile tida.
The missing link
Sjølv om brukarane utgjer den største gruppa som har nytta seg av Erfaringskonsulentane sitt tilbod første året, har teamet på mange måtar vist seg å vere eit bindeledd som har styrka samarbeidet på tvers av nivå og system.
- Det er mange behandlarar som tar kontakt og ber oss hjelpe når dei ikkje lenger kan, fortel Anne.
- Andre delar av systemet spør oss også om råd. Det var ikkje heilt forventa, men veldig kult at dei gjer.
Ifølgje Åkerblom har erfaringskonsulentane både bidrege til betre samhandling og dei har gjort at mange opplever rusbehandlinga som meir tilgjengeleg og fleksibel.
- Vi er «The missing link», smiler Anne.
Åkerblom er ikkje ueinig.
- Drop out-teamet er alltid på brukarane sitt lag, uansett kva som skjer. Og dei er ofte med på å guide brukarane vidare, dei er bindeleddet mellom ulike tilbod, system og etatar, seier ho.
Rami samtykker.
- Vi har verkeleg fått opp augo for alt som finst av tilbod dette året. Det er utruleg mykje vi ikkje har vore klar over, og som heller ikkje brukarane kjenner til.
Pårørande tar kontakt
Avhengigheit og rusproblem angår ikkje berre den det gjeld, men også deira nærmaste.
-Det blir ofte trekt fram at det viktigaste i rollen som erfaringskonsulent er håpet du bidrar med til dei som slit, seier Rami.
- Men pårørande vi har hatt kontakt med melder tilbake at også dei har fått mykje håp av å få snakke med oss, og samtidig hjelp til å forstå sine eigne nære betre. Vi har erfart at dette med å vere tilgjengelege har vore vesentleg også for pårørande.
Internasjonale studiar viser at så mykje som 50-70 prosent av pasientar som har vore i rusbehandling vender tilbake til rusbruk i løpet av det første året etter rusbehandling. Dei fleste i løpet av dei første nitti dagane. Sett i lys av dette er erfaringskonsulentane ekstra viktige når nokon held på å droppe ut. Mange treng å snakke med nokon som har vore der sjølv, nokon som forstår. Erfaringskonsulentane kan vere med og gi håp. Her er erfaringskonsulentane Rami, Frode, Arild og Anne saman med prosjektleiar Kristina Åkerblom (til venstre) og teamleiar Mona Engeberg (nr. 2 frå høgre.)
Vidare arbeid
Våren 2017 er to nye erfaringskonsulentar tilsett i teamet. Ei har slutta for å konsentrere seg om studiar. Ifølgje prosjektleiar Åkerblom har året som har gått vist at det er stort behov for erfaringskonsulentane. Både i rolla dei alt har, men òg ei utviding av tilbodet.
- Drop out- teamet opplever fleire dilemma og ser svakheiter i tilbod for brukarar på tvers av nivå og tenester, seier ho.
- I vårt neste prosjektår vil vi løfte opp noko av kunnskapen som vi har henta inn, til leiarar av ulike tenester. Vi ønskjer også å bidra til å utvikle nye metodar for samarbeid på tvers av nivå og system. Dette vil bli mogleg dess betre forankra og anerkjent tilbodet vårt er.