Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Haukeland har årets helsefagarbeidar

Morten Caspersen blir omtalt som fagleg sterk, kunnskapsrik, profesjonell – og med god arbeidsmoral og godt humør. Fredag vart han kåra til årets helsefagarbeidar i Hordaland.

Publisert 01.12.2017

Eivind Hansen gratulerer årets helsearbeider. Foto

Bak kåringa står Fagforbundet, som ønskjer å sette søkelys på helsefagarbeidaryrket og den viktige jobben helsefagarbeidarane gjer.

«Vi ser etter den personen som yter det vesle ekstra i jobben sin, og som kanskje gjer ein forskjell i kvardagen for pasientar, pårørande og kollegaer på arbeidsplassen. Kandidaten er både dyktig, raus, omgjengeleg, positiv og ansvarsbevisst», heitte det i Fagforbundet si utlysing då dei søkte etter kandidatar til prisen.

Nominasjonen av Mortensen viser at han svarer til alt dette og meir til. Helsefagarbeidaren på Medisin 6 blir omtalt som den som hjelper sine kollegaer til å kome gjennom sjølv dei travlaste dagar. Han held humøret oppe og smilet på plass, sjølv i motbakke. Han bidrar også med eit høgt nivå av kunnskap og kompetanse, og er flink til å ivareta HMS på tvers av profesjonar og arbeidsmetodar – blant anna ved å arrangere ulike aktivitetar for dei tilsette utanom arbeidstid. Han er rett og slett «eit prakteksempel på ein god kollega som det trengst fleire av i helsevesenet», heiter det i den eine nominasjonen.

Også avdelingsdirektør Lars Birger Nesje på Medisinsk avdeling rosa Caspersen.
- Vi er stolte over at nokon på vår avdeling får ei slik utmerking, og det at du er nominert av kollegaer er den største tillitserklæringa du kan få, sa han i si helsing til årets helsefagarbeidar. 

bildetekst Eivind: Administrerande direktør Eivind Hansen overrekte blom på vegne av heile sjukehuset. – Dette er ei fortent utmerking, vi set pris på innsatsen din for både arbeidsmiljøet og pasientane, var helsinga til  Caspersen.