Kuttar ventelister på dugnad
På to veker skal terapeutar frå heile landet avvikle ventelistene for angstbehandling ved Oslo Universitetssykehus. Samtidig får 50 terapeutar opplæring i ein ny metode som kan kurere tvangstankar på berre fire dagar. Opplæringa står OCD-teamet ved Haukeland for.
GAUSTAD, OSLO: – Jeg vet ikke hva som er den beste nyheten. At vi skal kutte ventelistene ved OUS eller at vi lærer opp terapeuter fra hele landet i firedagersformatet, sier psykolog Bjarne Hansen til Dagens Medisin.
Saman med Gerd Kvale, leiar av OCD-teamet i Helse Bergen, har han utvikla eit intensivt behandlingsopplegg for behandling av Obsessive Compulsive Disorder (OCD). Hittil har over 400 pasientar fått behandling med firedagarsformatet, og 70 prosent av dei er heilt friske tre månader seinare.
Les meir om dugnaden for å redusere ventelistene ved OUS hos Dagens Medisin.