Nye transportøravtaler for pasientreiser frå 2. mai
Bergen Taxi har dei siste fire åra hatt det meste av køyringa for Helse Bergen i- og mellom kommunane Bergen, Fjell, Sund og Askøy. Det blei utlyst nytt anbod i fjor haust, noko som resulterer i endringar frå 2. mai 2017.
- Dagens avtale har vore veldig kostbar for Helse Bergen. Ved å dele opp anbodet og gi mindre selskap anledning til å utføre deler av transporten, så har vi lykkast med å skape konkurranse og kutta prisane. Dette vil kunne bidra til at sparte transportkostnader kan brukast til behandlingsformål i føretaket, seier seksjonsleiar ved Avdeling for pasientreiser Pål Eidsheim.
Det er inngått avtale med Bergen Taxi, Christiania Taxi og Norgestaxi. Bergen kommune er no delt inn i 4 bydelar, og alle selskap er representert.
Endringa har inga praktisk betyding for verken behandlar eller pasient. Desse tek kontakt med pasientreiser på telefon 91505515 som før, og nyttar seg av elektronisk rekvisisjon.
Dersom noko skulle vere uklart i forbindelse med overgangen til nye avtalepartar, eller om du møter på utfordringar og har spørsmål, ta kontakt med Avdeling for pasientreiser på telefon 91505515 eller på e-post pasientreiser@helse-bergen.no.
Avdeling for pasientreiser er open frå kl. 07.00 - 19.00 på kvardagar, og kl. 09.00 - 15.00 på laurdagar.
Kommune | Henteområde/bydel | Type transport | Transportør |
Bergen | |||
Bergenhus/ Årstad | Taxi | Norgestaxi | |
Fyllingsdalen/ Laksevåg | Taxi | Norgestaxi | |
Åsane/ Arna | Taxi | Norgestaxi | |
Fana/ Ytrebygda | Taxi | Christiania Taxi | |
(Alle bydelar) | Rullestolbil | Bergen Taxi | |
Fjell | |||
Taxi | Christiania Taxi | ||
Rullestolbil | Bergen Taxi | ||
Sund | |||
Taxi | Christiania Taxi | ||
Rullestolbil | Bergen Taxi | ||
Askøy | |||
Taxi | Christiania Taxi | ||
Rullestolbil | Bergen Taxi |