Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Statsminister Erna Solberg opna Mottaksklinikken på Haukeland

Klokka 11 torsdag opna statsminister Erna Solberg offisielt Mottaksklinikken på Haukeland universitetssjukehus. Med talar og konfetti blei det markert at den nye klinikken no er komplett.

Publisert 28.12.2017
Sist oppdatert 25.01.2018
Erna Solberg og Anne Taule. Foto

Opninga av Utgreiingsmottak 2/Mottaksklinikken er den siste brikka som gjer at Mottaksmodellen på Haukeland er på plass. Sjukehuset startar ikkje berre ein ny klinikk, men set for alvor i gong ein ny mottaksmodell som involverer mange klinikkar som saman skal betre mottak og behandling av akutt sjuke pasientar på Haukeland.

Statsminister Erna Solberg skrytte i sin tale av både klinikken og Mottaksmodellen. Styreleiar Svein Gjedrem, Helse Vest-direktør Herlof Nilsen og administrerande direktør Eivind Hansen var og til stades. Statsministeren kom til klinikken i Sentralblokka via ambulanseinngangen i Akuttmottaket og klinikkdirektør Anne Taule og administrerande direktør Eivind Hansen viste statsministeren rundt på dei ulike einingane i klinikken.

Statsminister Solberg og dei andre gjestene fekk så  vere med på ei traumeøving i den store traumestova i Akuttmottaket. Sjølve opninga var eit konfettishow - tilsette ved klinikken stod klare med konfetti-rør som farga den nye avdelinga i gull og sølv.
Ansatte med konfetti. Foto