Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stjernedryss over Haukeland

Har du lagt merke til dei mange hundre julestjernene som lyser opp rundt om kring på Haukeland i desse dagar?

Publisert 18.12.2017
Et par kvinner foran et juletre
Gro og Mariann på Kreftpost 2 er glade for alle julestjernene posten får.

1. desember starta Kreftforeningen ny stjerneaksjon. Haukeland er det sjukehuset som får flest stjerner på landsbasis, og sjukehuset har vore med på Kreftforeningens stjerneaksjon sidan oppstarten i 2013. Så langt i desember har sjukehuset alt fått heile 440 stjerner. I tillegg har Voss fått over 40 og Vardesenteret meir enn 20.


-Stjerneaksjonen handlar om å dele håp og varme. Ved å gi ei gåve til kreftforsking, kan du samtidig velge å sende ei stjerne til eit sjukehus - til glede for dei som må tilbringe jula der, seier distriktssjef Geir Vangsnes i Kreftforeningen.

Pengane går til forsking

Dersom du vel å gi ei gåve med valfritt beløp til kreftforsking, så henger Kreftforeningen opp ei stjerne på det sjukehuset du ønskjer.

-Dessverre er det ikkje alle som får feire jul heime med sine kjære. Denne aksjonen skal vise at nokon tenkjer på dei. Ingen skal kjenne seg heilt åleine. Du viser omtanke og deler glede ved å sende ei stjerne til dei som må tilbringe jula på sjukehus, i tillegg til å gi håp ved å støtte kreftforsking. På den måten kan vi få fleire heim til jul, til nyttår og alle andre dagar i året, seier Vangsnes.

65 sjukehus deltar

Kreftforeningen gjennomfører aksjonen for femte år på rad og håper dei vil samle inn 3 millionar kroner denne jula. 65 sjukehus over heile landet er med på dugnaden med å henge opp tusenvis av stjerner.
I fjor gav nordmenn 7.500 stjerner. Blant desse blei 491 stjerner gitt til Haukeland. I tillegg blei 53 stjerner gitt til Voss sjukehus og 24 til Vardesenteret på Haukeland. Vi er på god veg til å få like mange stjerner i år, og det er sjukehuset svært takknemleg for.