St.Olavs Orden til Stener Kvinnsland
H.M. Kongen har utnemnd Stener Kvinnsland til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for sin framifrå pionerinnsats innan medisin og helseleiing.
Dekorasjonen vil bli overrekt under eit arrangement i Bikuben kurs- og konferansenter på Haukeland tysdag 28. mars.
Les meir på kongehuset.no
Stener Kvinnsland gjekk av som administrerande direktør i Helse Bergen HF 31. august 2015. Han hadde då vore administrerande direktør sidan 1. januar 2007, etter å ha vore viseadministrerande og fagdirektør frå 2003.
St. Olavs Orden vart innstifta av Kong Oscar I i 1847. H.M. Kongen er ordenens Stormester.
Ordenen er oppkalla etter helgenkongen vår, Olav den heilage, og er inndelt i tre grader:
• Storkors
• Kommandør
• Ridder
Den Kongelige Norske St. Olavs Orden blir tildelt som "belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten".