Utviklingsplan 2035 vedtatt av Styret i Helse Bergen
Fram mot 2035 skal sjukehuset ta hand om ei aldrande befolkning og ei sjukdomsutvikling som blant anna er prega av auke i samansette lidingar. Utviklingsplan 2035 peikar retning og viser kva grep vi må gjere.
– Skal vi greie å fortsatt gi helsetenester av god kvalitet må vi førebygge og dempe veksten i behovet for helsetenester. Vi må forbetre ved å sjå etter andre måtar å yte tenester på, og få til ein betre bruk av dei ressursane vi rår over, seier Clara Gjesdal, viseadministrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus og ansvarleg for utviklingsplanen.
– Og så må vi prioritere. Vi må sørgje for at vi fordeler ressursane våre på ein open og rettferdig måte.
Gjesdal peikar på at behovet for helsepersonell aukar, samtidig som tilgangen blir meir usikker. Sjukehuset førebur seg òg på at dei økonomiske rammene kan blir strammare.
– Vi vil at pasientane, brukarane og deira pårørande skal delta meir, både i behandlingssituasjonane og i tenesteutviklinga.
13 grep for framtida
I vel eitt år har prosjektgruppa jobba med å kartleggje no-situasjon, utviklingstrekk og moglegheiter i tida framover. Det har vore ei lang prosess med brei involvering. Mange har bidratt og komme med verdifulle innspel til planen som blei godkjend av styret 27. september.
– Det har vore eit veldig spanande og inspirerande arbeid! Eg vil rette ein stor takk til alle våre medarbeidarar i stab og klinikk, og våre viktige samarbeidspartnarar, som har engasjert seg i korleis vi saman skal skape pasienten si helseteneste i framtida med dei moglegheiter som ligg der, seier Gjesdal.
Ho takkar også prosjektgruppa og prosjektleiar Ingvild Sunde som har lost sjukehuset gjennom arbeidet, og som har fått gode tilbakemeldingar frå både samarbeidspartnarar eksternt og tillitsvalde, verneombod og andre medarbeidarar internt om at det har vore ein god prosess.
I Utviklingsplan 2035 blir det lansert 13 grep som viser korleis vi skal førebygge, forbetre og prioritere dei komande åra.
Grepa vi skal gjere framover
- Ta i bruk teknologi slik at pasientane får betre tilgang til tenestene og vi effektiviserer ressursbruken
- Lage eit heilskapleg tilbod med fokus på tidleg intervensjon til barn og unge
- Auke samhandlinga kring pasientar med somatisk liding, psykisk liding og rusliding
- Betre samordninga av tilbodet til eldre pasientar med samansette lidingar
- Forbetre samanhengane i tenestene saman med dei 24 kommunane i føretaksområdet
- Koordinere og auke innsatsen vår i læring, meistring og førebyggande medisin
- Vidareutvikle sengpostane for å sikre eit godt tilbod til dei inneliggjande pasientane
- Utvikle dagbehandling og det polikliniske pasienttilbodet
- Sikre tilstrekkeleg operasjonskapasitet og forbetre bruken av den
- Vidareutvikle og sikre riktig bruk av laboratorietenester og bildediagnostikk
- Vidareutvikle regionssjukehuset og samhandlinga med dei andre sjukehusa i regionen
- Sikre gode prehospitale tenester gjennom ei moderat auke i dagens kapasitet
- Andre, større organisasjons- og investeringsprosjekt
Kva skjer vidare?
Utviklingsplan 2035 skal no setjast i verk.
– Utover hausten vil vi arbeide med å gjere planen kjent i sjukehuset, og vi vil arbeide med å spesifisere kva vi skal gå i gang med i 2019, fortel prosjektleiar Ingvild Sunde.
Planen sendast til Helse Vest som skal sjå planen i samanheng med tilsvarande planar frå dei andre helseføretaka i regionen. Helse Vest skriv deretter ein samla utviklingsplan for regionen som igjen dannar grunnlag for fornying av Nasjonal helse- og sjukehusplan.