Haukeland får ny nasjonal behandlingsteneste for yrkesastma
I dag opna ein ny nasjonal behandlingsteneste for ein spesiell diagnostikk av yrkesastma på Haukeland universitetssjukehus. Det vil seie at Bergen no har landets fremste ekspertise på dette området, og at sjukehuset kan ta imot pasientar frå heile landet.
- Dette er bra for sjukehuset, og ei stor verdsetjing av den kompetansen vi har. Når vi no får nasjonal behandlingsteneste, så betyr det også at vi får fleire pasientar og får tilført fleire midlar, noko som igjen vil gjere at vi vil bli endå flinkare på dette feltet, seier Cecilie Svanes ved Yrkesmedisinsk avdeling. Ho er spesialist i indremedisin og i lungesjukdommar, med spesialkompetanse innanfor arbeidsrelaterte lungesjukdommar.
Krevjande behandling
«Nasjonal behandlingstjeneste for spesifikk bronkial provokasjon ved yrkesrelatert astma» skal vere eit tilbod for pasientar med mistenkt allergisk yrkesrelatert astma.
- Dette er utgreiing for dei pasientane der det er aller vanskelegast å stille diagnosen. Vi bruker éi veke på kvar pasient, så det er både ressurskrevjande og svært spesialisert, seier Svanes. Ho leiar det tverrfaglege teamet som består av lungelegar, yrkeshygienikarar, sjukepleiarar og arbeidsmedisinar, og der det er relevant, også yrkesdermatolog og allergolog/Øyre Nase Hals-lege.
Doblar kapasiteten
Avdelinga som starta opp i 2011, har fram til no hatt vel 20 pasientar i året. Frå neste år skal talet aukast til minst 40-50 pasientar pr. år. Blant pasientane er det blant anna frisørar, målarar, tilsette i skjønnheitsindustrien og produksjonsarbeidarar innan fiskeforedling. Felles for dei alle er at dei er blitt sjuke av stoff i lufta som dei pustar inn på arbeid. Det er også ein del bakarar som kan bli svært sjuke fordi det viser seg at dei er allergiske mot å puste inn mjølstøv.
- Symptom på yrkesastma kan vere tung pust, piping i brystet og at det renn frå nase og auge. Mange kan også oppleve at symptoma kjem etter at dei har vore på jobb, og det er også typisk at symptoma er betre i friperiodar, forklarer Svanes.
Pasientane som blir tilviste til Haukeland, blir målt, testa og observert på mange måtar gjennom den veka dei er til utgreiing.
- Vi måler lungefysiologi, og eksponerer pasientane for det stoffet vi trur dei reagerer på. Kvar time gjennom heile dagen må pasienten sjølv måle lungefunksjon, temperatur og symptom, så det er ein krevjande prosess for pasienten. Men det er viktig å kunne stille rett diagnose, for å unngå at dei skal bli verande i ei eksponering som dei blir sjuke av, og for unngå at dei utviklar ein kronisk lungesjukdom. Og for å avklare om dei må byte jobb, forklarer Svanes. Nokre gonger er mistanken feil, og vi kan vise at det faktisk ikkje var jobben som var problemet.
Alvorleg for pasientane
Ho fortel at den typiske pasienten ønsker å jobbe vidare innan sitt yrke, og at dei blir lei seg om konklusjonen er at dei må byte jobb.
- Yrkesastma er ganske alvorleg for den det gjeld. Blir astmaen kronisk, kan pasienten utvikle kols-liknande lungesjukdom. Og det du taper av lungefunksjon, kan du ikkje få tilbake. Med vår diagnostikk beviser vi kva for stoff pasienten er allergisk mot og kva for sjukdom det gir. Når vi påviser at jobben er årsaka til pasientens sjukdom, må pasienten vanlegvis skifte jobb, og det er for mange ei tung melding å få, seier Svanes. Dette vil, for eksempel, ofte innebere betydeleg nedgang i inntekt i fleire år, eller at dei må ta ny utdanning.
Ekspertane på Yrkesmedisinsk avdeling melder ifrå når dei finn kjemiske stoff som gir yrkesastma.
- Det kjem nye kjemiske stoff ut på marknaden heile tida, og dette er ein viktig måte å identifisere stoff som gir problem. Når vi melder tilbake til dei ulike bransjane, så kan dei kanskje byte ut stoffet eller lage system som beskyttar folk mot farleg eksponering. Dermed har dette betyding for mange fleire enn dei som kjem inn til testing hos oss, seier Svanes.