Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pakkeforløp for to

Kvart år blir det fødd over 500 barn med skadar eller abstinensar som er direkte knytt til mors rusmiddelbruk. Pakkeforløp gravide og rusmidlar, som vart lansert 3. oktober 2019, skal sikre at fleire gravide som slit med rusmiddelbruk får hjelp.

Publisert 10.10.2019
Sist oppdatert 05.09.2022

Slik får det nyfødde barnet eit best mogleg utgangspunkt, og familien får den hjelpa dei treng.

– Dette er eit veldig viktig pakkeforløp. Alle pakkeforløp handlar om å skape tryggleik i ein sårbar situasjon. Det er vanskeleg å tenkje seg ein meir sårbar situasjon enn å vere gravid, og samtidig vite at ein er avhengig av eit rusmiddel som i verste fall kan skade barnet, sa helseminister Bent Høie under lanseringa av pakkeforløpet.

Les meir om lanseringa av pakkeforløpet hos Helsedirektoratet

Pakkeforløp gravide og rusmidlar er eit pakkeforløp for gravide som slit med bruk av alkohol, illegale rusmidlar eller vanedannande legemiddel. Pakkeforløpet skal sikre ei trygg, forsterka og systematisk svangerskapsomsorg for ei utsett gruppe kvinner.

I samband med lanseringa av pakkeforløpet laga Helseaktuelt reportasje om Familieambulatoriet ved Seksjon Tertnes, Avdeling for rusmedisin.

Brobyggerne i Bergen