Grønt beredskapsnivå på KK
Koronapandemien og smitteutviklinga i samfunnet har medført auka sjukefråvær blant tilsette på KK. Dei innfører derfor no grønt beredskapsnivå på Fødeavdelinga.
– Det er trygt å føde på KK. Vi er godt forberedt og har planar for ulike nivå som vi iverksetter ved stort sjukefråvær blant våre tilsette, seier Martha Svarstad Vadset, seksjonsjordmor på Føde A / Føde A Barsel ved KK.
– Vi prioriterer fødselshjelp og alle medisinske oppgåver og behandling. Ved stort sjukefråvær må vi redusere andre tilbod som individuelle pasientsamtalar og rettleiing, og vi må korte ned på barseltida på KK for friske barselkvinner og friske nyfødde.
Vadset understrekar at ved tidleg heimreise, vil Fødeavdelinga sørge for å organisere oppfølging av mor og barn saman med heimkommunen slik at nødvendig screening, blodprøver og øvrig oppfølging blir ivaretatt. Nokon vil få tilbod om poliklinisk oppfølging ved KK, og fleire kommunar har allereie etablert gode rutinar for denne oppfølginga, noko vi har gode erfaringar med gjennom fleire år.
Les meir: Informasjon til fødande under koronapandemien
KK har god informasjon om fødsel og barsel på helse-bergen.no. Vi råder kvinner og partnarar som venter barn om å besøke nettsidene for meir informasjon:
- Video: Etter fødsel – mors kropp
- Video: Etter fødsel – mors helse
- Video: Etter fødsel – Babyen frå topp til tå
- Video: Etter fødsel – Om babyen