Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Kveldsutsikt over Bergen mot Ulriken

OCD genetikk

Har du tvangsliding? Vi har ein studie der vi samlar inn DNA frå menneske med denne tilstanden gjennom spyttprøver.

Logo Bergen Center for Brain Plasticity. Grafikk

I DNA ser vi etter genetiske variasjonar som er relatert til desse forholda, og som kan forklare kvifor nokon menneske utviklar dei og andre ikkje gjer det.

Sjølv du som ikkje har nokon formell diagnose, eller du som ikkje lenger har tilstanden kan delta!​​

OCD genetikk er ein samarbeidsstudie ved Karolinska Institutet i Stockholm, der vi samlar inn DNA frå deg med tvangslidingar (OCD) for betre forstå kva som forårsakar tilstandane. DNA blir samla inn ved spyttprøver og desse blir lagra i Biobank ved Helse Bergen. Studien er godkjend av Regional komité for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk (REK), og leiar av prosjektet er professor Bjarne Hansen.

Deltakarar i studien blir delvis rekruttert gjennom eigenregistrering via denne nettstaden og delvis gjennom klinikkar som spesialiserer seg i desse forholda rundt om i landet. 

Har du nokon gong lurt på kvifor nokon menneske lid av ein sjukdom? Vi veit allereie at arvelege faktorar spelar ein viktig rolle, saman med miljøfaktorar, men kva slags gen som er involvert er framleis ukjend. I denne studien undersøker vi kva genetiske variantar som kan bidra til utviklinga av tilstandane. Tilsvarande studier på andre forhold har lykkast i å finne ein stor mengde slike genetiske variasjonar.

Vi ser etter deg som bur i Noreg, er minst over 18 år og har eller har ein gong hatt tvangslidingar​. Sjølv om du ikkje har hatt ein formell diagnose, men mistenker at du har eller har hatt ein av desse tilstandane, kan du registrere deg for å delta i studien.

Kva inneber det å delta i studien?

Via BankID loggar du deg inn og godkjenner samtykket ditt på ei sikker plattform. 


På den sikre plattforma bak studien svarer du på spørsmål om deg sjølv, symptoma dine og korleis symptoma påverkar kvardagen din.

Vi kontaktar deg og bookar deg inn for eit kort diagnostisk telefonintervju. Det tar ca. 15-30 minutt. Intervjuet blir gjennomført av erfaren klinikar.

Du får tilsendt ein behaldar for spyttprøve saman med instruksjonar om korleis ta ein spyttprøve. Dette sender du i retur til studien i ein vedlagt svarkonvolutt. 

Om diagnosen

Du som har tvangsliding kan bli forstyrra av ubehagelege og angstframkallande tankar (tvangstankar). For å lindre ubehaget tyr du ofte til ulike handlingar.

  • Har du tilbakevendande og vedvarande tankar (for eksempel frykt for å bli smitta av forskjellige sjukdommar, frykt for å forlate komfyren på og forårsake brann), impulsar eller fantasiar (for eksempel frykt for å køyre bilen mot eit tre, frykt for å skrike usømmelege ting ute blant folk) som du føler er påtrengande og vanskelege å motstå, sjølv om du prøver?
  • Føler du deg tvinga til å utføre gjentakande handlingar (for eksempel vaske hendene, ordne, sjekke) eller mentale handlingar (for eksempel be, telle, gjenta kavrt og eit ord i stille) som eit resultat av tvangstankar, for å forhindre eller redusere liding eller forhindre at frykta hending eller situasjon oppstår?
  • Trur du at tvangstankane eller tvangane dine er overdrivne eller urimelege?
  • Har tvangstankar eller tvang forårsaka dine lidingar, er dei tidkrevjande (tar meir enn ein time om dagen) eller forstyrrar dei betydeleg dei daglege rutinane dine, yrkesliv (eller studiar) eller vanlege sosiale aktivitetar eller forhold?
Har du svar «ja» på desse spørsmåla? Då kan du ha tvangslidingar.


Ønsker du å delta i studien?

Klikk på lenka med diagnosen som du mistenker at du har. 

Du vil då kome til ein sikker plattform der du kan logge inn med BankID. Her vil du få instruksjonar som vil ta deg gjennom prosessen.

Ja, eg vil delta i studien - tvangslidingar


Ofte stilte spørsmål - FAQ

Den primære diagnosen din (også kalla hovuddiagnosen) er diagnosen som plagar deg mest og som har høgast prioritet i behandlinga.

Kontakt oss på telefon +47 48 03 48 71, så hjelper vi deg vidare.

For augneblinken er det berre vaksne som kan delta i studien vår via eigenregistrering. 
Vi kan legge til ei moglegheit for barn å registrere seg via nettstaden i framtida. Vi vil i så fall kunngjere dette.

Du kan sjå eit instruksjonsark på svensk om korleis du tar ein spyttprøve her. Det er òg ein instruksjonsvideo på engelsk, du kan sjå den her. (lenke)

For å kome inn i den sikre plattforma bak studien, må du kunne identifisere deg ved hjelp av BankID. På den måten kan vi garantere at informasjonen din er sikker. 

Viss du ikkje har ein BankID, kan du enkelt bestille dette via nettbanken din. 
 
 

Ta gjerne kontakt med oss:

Bergen Center for Brain Plasticity
Telefon  +47 48 03 48 71

Sist oppdatert 26.09.2023