Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukarutvalet i Helse Bergen

Brukarutvalet skal ivareta pasientar og pårørande sine interesser, og vere ein pådrivar i forbetring av tenestene ved Haukeland universitetssjukehus.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
Brukarutvalet i Helse Bergen.
Medlemane kjem frå dei to store samanslutningane av pasientorganisasjonar som: Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner ​(SAFO), Landsdekkende brukarorganisasjon på rusfeltet  (RIO), Interesseorganisasjon innan rusfeltet (ProLar), Kreftforeninga, Vestlandet invandrarråd, samt Pensjonistforbundet i Hordaland.
 
​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Brukarutvalet er oppnemnt av styret ved Helse Bergen HF og er rådgivande organ for administrerande direktør og styret ved Helse Bergen HF i brukarrelaterte spørsmål.

Koordinator: Randi Bjørgen Johannessen, rådgjevar, Seksjon for samhandling.

  • Eli Sjo, leiar, FFO
  • Marianne Sundvor, nestleiar, FFO
  • Terje Thue, Kreftforeringen
  • Olaug Torveig Botnen, Pensjonistforbundet
  • Christine Lønne, ProLAR Nett
  • Lene Nilsen, FFO
  • Renate Toft, SAFO
  • Cristel Borge Bersaas-Nesse, SAFO
  • Nooshin Zaery, FFO
  • Everline Konyo Mjømen, Innvandrerrådet
  • Michael Sønnesyn, FFO

Vara

  • Trude Aarseth, FFO
  • Arvid Åsen, FFO
  • Isabel Fredriksen, FFO
  • Sonja Ljostveit, FFO
  • Lydia Run Omarsdottir, FFO
  • Jorunn Thorsen, SAFO
  • Ulrikke Tranberg, SAFO
  • Fatoumata Kindy Diallo, Vestland Innvandrerråd
  • Arvid Haukås, Kreftforeningen
  • Knut Gullaksen, Pensjonistforbundet
  • Tom- André Faye, ProLAR Nett

 

FFO - Funksjonshemmedes fellesorganisasjon

SAFO - Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjonen

ProLARnett - Nasjonalt forbund for folk i LAR

 

 

Brukarutvalet skal bidra til å oppnå:

  • helsetenester av god kvalitet uavhengig av alder, kjønn, bustad, etnisk opphav, sosial status, sjukdom/diagnose og funksjonsnedsetjing 
  • god samhandling og gode, heilskaplege pasientforløp 
  • god medverknad frå pasientar og pårørande og organisasjonane deira 
  • samarbeid mellom brukarutval 

 Brukarutvalet skal vere​:

  • eit rådgivande organ for styret og administrerande direktør i saker av strategisk karakter som gjeld tilbodet til pasientar og pårørande i verksemdsområdet 
  • eit forum for tilbakemelding frå pasientar og pårørande om generaliserte erfaringar innafor ansvarsområdet og oppgåvene til helseføretaket 
  • eit samarbeidsforum mellom helseføretaket og brukarorganisasjonane 

Oppgåvene til Brukarutvalet 

  • å følgje med på årshjulet til helseføretaket og bidra i mål- og strategiarbeid, hovudprosessar, forbetrings- og omstillingsprosessar og andre faglege prosjekt, og å delta/medverke/bidra i råd og utval i alle saker som gjeld tenestetilbodet 
  • å fremje saker som er viktige for brukarar, pasientar og pårørande ​
  • å setje opp ein årleg møteplan i samarbeid med administrasjonen 
  • å evaluere si eiga verksemd minst éin gong i løpet av funksjonsperioden 
  • å ha kontakt med brukar- og pasientomboda i opptaksområdet og bidra til at helseføretaket følgjer opp årsrapportane deira 
  • å samarbeide med andre brukarutval, brukarorganisasjonar og brukarrepresentantar i kommunane ved behov 
  • å arrangere og/eller delta på relevante konferansar og kurs etter nærmare behov og avtale 
  • å foreslå brukarrepresentantar frå brukarutval eller organisasjonar til plan- og prosjektarbeid, råd og utval etter invitasjon 
  • å møte på styremøta til helseføretaket
  • å komme med høyringsfråsegner til relevante planar og utgreiingar  
  • å lage årsrapport om si eiga verksemd 

Brukarutvalet i Helse Bergen har 11 medlemmar fordelt med utgangspunkt i medlemsmassen til  brukarorganisasjonane . FFO deltek med fem representantar, SAFO med to representantar, Pensjonistforbundet med ein representant, Innvandrarrådet i Vestland ein representant, ProLAR Nett med ein representant og Kreftforeningen med ein representant
Medlemmer i brukarutvalet skal sjølve ha erfaring som pasient og/eller pårørande og ha tilknyting til opptaksområdet til føretaket.
Styret i helseføretaket oppnemner medlemmene i brukarutvalet, inkludert leiaren og nestleiaren, etter innstilling frå administrerande direktør på grunnlag av innsende forslag frå pasientorganisasjonane. 
Representantane er personleg oppnemnde av styret i helseføretaket på bakgrunn av erfaring, kompetanse, nettverk, verv og organisasjonstilknyting.

Det inneber: 
  • at samansetjinga av brukarutvalet skal spegle heile verksemdsområdet til helseføretaket, vanlegvis gjennom balansert representasjon frå somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling 
  •  at pårørandeperspektivet, med særleg vekt på foreldre til sjuke barn, er representert i tillegg til eldre, barn og unge og etniske minoritetar  
  •  at alminnelege prinsipp for kjønnsrepresentasjon er ivaretekne 
  • at ein prøver å ta omsyn til aldersrepresentasjon og geografisk representasjon  
  • at både små og store organisasjonar skal vere representerte, slik at utvalet totalt sett har ei god forankring  
  •  Funksjonsperioden til brukarutvalet er to år. 
  •  Medlemmer skal ikkje oppnemnast for meir enn tre periodar, det vil seie seks år.
Brukarmedverkarar i Helse Bergen får honorar etter gjeldande satsar for Helse Vest, og satsane er i samsvar med praksis i andre helseføretak. Satsane blir justert kvart andre år. Per 01.01.2022 er satsane 310 kroner per time, og 1900 kroner for møter over 4 timar.
Eksterne oppdragsgivarar er forplikta til å følgje satsane som er sett av Helse Vest når brukarmedverkarar frå Helse Bergen har oppdrag utanfor organisasjonen. 


Alle utvalet sine medlemar, brukarar og pårørande, foretaksleiinga, avdelingar, råd og utval, tilsette og einskildpersonar, etatar og organisasjonar utanfor Helse Bergen kan fremme saker for komiteen og gis tilgang til informasjon frå utvalet si verksemd. 
Arbeidet må ha eit klart fokus på tiltak som vil kunne kome pasientar og pårørande til gode. Nytenking og forbetring må stå sentralt.



Føremålet med brukarmedverknad i helseforsking i spesialisthelsetenesta er å betre forskingas kvalitet og relevans. Forskingsresultat får større betyding og blir tatt raskare i bruk når dei opplevast som nyttige for pasientar og pårørande.

Brukarmedverknad inneber ei demokratisering av helseforskinga, og kan bidra til at brukaranes perspektiv, behov og erfaringar blir reflekterte i forskinga.


Møtestad: Bikuben Kurs- og konferansesenter, Jonas Lies vei 69, 5053 Bergen. 

Møteplan
Måned  Dato  Klokkeslett 
Januar 

06.03.2026

Kl. 09-14.00

Mars  16.03.2026

Kl. 09-14.00
April  27.04.2026

Kl. 09-14.00
Juni  10.06.2026

Kl. 09-14.00
August  19.08.2026

Kl. 09-14.00
September  14.09.2026

Kl. 09-14.00
Oktober  13.10.2026

Kl. 09-14.00

Desember

07.12.2026 Kl. 09-14.00


Møtereferat

 





Sist oppdatert 17.03.2026