Brukarutvalet

Brukarutvalet i Helse Bergen

Brukarutvalet skal ivareta pasientar og pårørande sine interesser, og vere ein pådrivar i forbetring av tenestene ved Haukeland universitetssjukehus.

​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Medlemane kjem frå dei to store samanslutningane av pasientorganisasjonar som: Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner ​(SAFO), Landsdekkende brukarorganisasjon på rusfeltet  (RIO), Interesseorganisasjon innan rusfeltet (ProLar), Kreftforeninga, Vestlandet invandrarråd, samt Pensjonistforbundet i Hordaland. 
 
​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​​Brukarutvalet er oppnemnt av styret ved Helse Bergen HF og er rådgivande organ for administrerande direktør og styret ved Helse Bergen HF i brukarrelaterte spørsmål.

Koordinator: Merete Eide Hernes rådgjevar, Seksjon samhandling.

  • Linda Haugland, leiar, FFO
  • Eli Sjo, nestleiar, FFO
  • Reidun Rinde, FFO
  • Trude Aarseth, FFO
  • Michael Sønnesyn, FFO
  • Ulrikke Tranberg, SAFO
  • Øivin Ask, SAFO
  • Everline Konyo Mjømen, Innvandrerrådet
  • Atle Grung Eide, Kreftforeningen 
  • Torveig Botnen, Pensjonistforbundet
  • Raymond Lie, RIO


Varamedlemmer

  • Marianne Sundvor, FFO
  • Bjørn Greve, FFO
  • Tor Egil Bjerke, FFO
  • Ernst Roger Gustavsen, FFO
  • Sonja Ljostveit, FFO
  • Christel Borge Bersaas-Nesse, SAFO
  • Renate Toft, SAFO
  • Nooshin Zaery, Vestland invandrerråd
  • Gunnstein Grøneng, Kreftforeningen
  • Knut Gullaksen,  Pensjonistforbundet

- FFO er Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon
- SAFO er samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner
- RIO er Landsdekkende brukarorganisasjon på rusfeltet
- ProLAR er også interesseorganisasjon innan rusfeltet

​​

Brukarutvalet skal bidra til å oppnå:

  • helsetenester av god kvalitet uavhengig av alder, kjønn, bustad, etnisk opphav, sosial status, sjukdom/diagnose og funksjonsnedsetjing 
  • god samhandling og gode, heilskaplege pasientforløp 
  • god medverknad frå pasientar og pårørande og organisasjonane deira 
  • samarbeid mellom brukarutval 

 Brukarutvalet skal vere​:

  • eit rådgivande organ for styret og administrerande direktør i saker av strategisk karakter som gjeld tilbodet til pasientar og pårørande i verksemdsområdet 
  • eit forum for tilbakemelding frå pasientar og pårørande om generaliserte erfaringar innafor ansvarsområdet og oppgåvene til helseføretaket 
  • eit samarbeidsforum mellom helseføretaket og brukarorganisasjonane 

Oppgåvene til Brukarutvalet 

  • å følgje med på årshjulet til helseføretaket og bidra i mål- og strategiarbeid, hovudprosessar, forbetrings- og omstillingsprosessar og andre faglege prosjekt, og å delta/medverke/bidra i råd og utval i alle saker som gjeld tenestetilbodet 
  • å fremje saker som er viktige for brukarar, pasientar og pårørande ​
  • å setje opp ein årleg møteplan i samarbeid med administrasjonen 
  • å evaluere si eiga verksemd minst éin gong i løpet av funksjonsperioden 
  • å ha kontakt med brukar- og pasientomboda i opptaksområdet og bidra til at helseføretaket følgjer opp årsrapportane deira 
  • å samarbeide med andre brukarutval, brukarorganisasjonar og brukarrepresentantar i kommunane ved behov 
  • å arrangere og/eller delta på relevante konferansar og kurs etter nærmare behov og avtale 
  • å foreslå brukarrepresentantar frå brukarutval eller organisasjonar til plan- og prosjektarbeid, råd og utval etter invitasjon 
  • å møte på styremøta til helseføretaket
  • å komme med høyringsfråsegner til relevante planar og utgreiingar  
  • å lage årsrapport om si eiga verksemd 

Brukarutvalet i Helse Bergen har 11 medlemmar fordelt med utgangspunkt i medlemsmassen til  brukarorganisasjonane . FFO deltek med fem representantar, SAFO med to representantar, Pensjonistforbundet med ein representant, Innvandrarrådet i Vestland ein representant, ProLAR Nett med ein representant og Kreftforeningen med ein representant
Medlemmer i brukarutvalet skal sjølve ha erfaring som pasient og/eller pårørande og ha tilknyting til opptaksområdet til føretaket.
Styret i helseføretaket oppnemner medlemmene i brukarutvalet, inkludert leiaren og nestleiaren, etter innstilling frå administrerande direktør på grunnlag av innsende forslag frå pasientorganisasjonane. 
Representantane er personleg oppnemnde av styret i helseføretaket på bakgrunn av erfaring, kompetanse, nettverk, verv og organisasjonstilknyting.

Det inneber: 
  • at samansetjinga av brukarutvalet skal spegle heile verksemdsområdet til helseføretaket, vanlegvis gjennom balansert representasjon frå somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling 
  •  at pårørandeperspektivet, med særleg vekt på foreldre til sjuke barn, er representert i tillegg til eldre, barn og unge og etniske minoritetar  
  •  at alminnelege prinsipp for kjønnsrepresentasjon er ivaretekne 
  • at ein prøver å ta omsyn til aldersrepresentasjon og geografisk representasjon  
  • at både små og store organisasjonar skal vere representerte, slik at utvalet totalt sett har ei god forankring  
  •  Funksjonsperioden til brukarutvalet er to år. 
  •  Medlemmer skal ikkje oppnemnast for meir enn tre periodar, det vil seie seks år.
Brukarmedverkarar i Helse Bergen får honorar etter gjeldande satsar for Helse Vest, og satsane er i samsvar med praksis i andre helseføretak. Satsane blir justert kvart andre år. Per 01.01.2022 er satsane 310 kroner per time, og 1900 kroner for møter over 4 timar.
Eksterne oppdragsgivarar er forplikta til å følgje satsane som er sett av Helse Vest når brukarmedverkarar frå Helse Bergen har oppdrag utanfor organisasjonen. 


Alle utvalet sine medlemar, brukarar og pårørande, foretaksleiinga, avdelingar, råd og utval, tilsette og einskildpersonar, etatar og organisasjonar utanfor Helse Bergen kan fremme saker for komiteen og gis tilgang til informasjon frå utvalet si verksemd. 
Arbeidet må ha eit klart fokus på tiltak som vil kunne kome pasientar og pårørande til gode. Nytenking og forbetring må stå sentralt.



Føremålet med brukarmedverknad i helseforsking i spesialisthelsetenesta er å betre forskingas kvalitet og relevans. Forskingsresultat får større betyding og blir tatt raskare i bruk når dei opplevast som nyttige for pasientar og pårørande.

Brukarmedverknad inneber ei demokratisering av helseforskinga, og kan bidra til at brukaranes perspektiv, behov og erfaringar blir reflekterte i forskinga.


Møtestad: Digitalt eller i Store møterom, 2. et. i Jørgen Sandbergshus, Haukeland universitetssjukehus. 

Møteplan 2023
​Måned
​Møte,  dato og klokkeslett

​Januar
​AU-møte 19.01, kl.09:00-10:30
Brukarutvalet 31.01, kl. 9:00-13:00

​Februar

​AU-møte 13.02, kl.09:00-10:30
Brukarutvalet 23.02,  kl. 9:00-13:00


​Mars

​AU-møte 09.03, kl.09:00-10:30
Brukarutvalet 22.03,  kl. 9:00-13:00

​April

​AU-møte 11.04, kl.09:00-10:30
Brukarutvalet 18.04, kl. 9:00-13:00

​Mai

​​AU-møte 15.05, kl.09:00-10:30
Brukarutvalet 24.05, kl. 9:00-13:00

​Juni

​AU-møte 02.06, kl.09:00-10:30
Brukarutvalet 12.06, kl. 9:00-13:00​

​August

​AU-møte 15.08, kl.09:00-10:30
Brukarutvalet 23.08, kl. 9:00-13:00


​September

​AU-møte 15.09, kl.09:00-10:30
Brukarutvalet 25.09, kl. 9:00-13:00

​Oktober

​AU-møte 16.10, kl.09:00-10:30
Brukarutvalet 23.10, kl. 9:00-13:00​

​November

​​AU-møte 10.11, kl.09:00-10:30
Brukarutvalet 20.11, kl. 9:00-13:00

​Desember

​AU-møte 01.12, kl.09:00-10:30
Brukarutvalet 11.12, kl. 9:00-13:00​


Moglege tema for ulike møter, utanom ordinær handtering av saker: 
Moglege tema for ulike møter, utanom ordinær handtering av saker: 

Pårørendealliansen – Barne- og Ungdomsklinikken – Kvinneklinikken - PUSH – BLEST – Helsehuset i Nordhordland – Universell utforming – Pasientreiser – Kontaktlege – Prehospital plan – 4 gode vaner kurs.​​


Digital grunnopplæring for brukarrepresentantar på systemnivå:

Det er utarbeidd eit nettkurs etter initiativ frå dei regionale helseføretaka i samarbeid med Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO), Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) og Kreftforeningen.
Nettkurset er i samsvar med «Retningslinjer for brukermedvirkning på systemnivå i helseforetak», som ble vedteke av alle dei regionale helseføretaka i 2017.

Kurs i brukarmedverknad i helseforskning

​No er det laga og publisert eit e-læringskurs for brukarmedverknad i helseforskning. Kurset er retta både mot brukarar og forskarar.

Kurset er eit samarbeid mellom Kompetansesenter for klinisk forskning, det regionale brukarutvalget i Helse Vest og Regionalt e-læringsteam.

Kurset gir ein innføring i kva brukarmedverknad i helseforskning er, i tillegg til at du får praktiske tips for å etablere eit godt og fruktbart samarbeid mellom brukar og forskar. ​​​​

Brukarmedverknad

Her får du ein oversikt over sentrale aktivitetar innan brukarmedverknad i Helse Bergen
Brukarmedverknad
Brukarmedverknad

Ungdomsrådet

Haukeland universitetssjukehus (HUS) har etablert eit ungdomsråd for å auke brukarmedverknaden i aldersgruppa 12 til 25 år. Ungdomsrådet består av 11 personar frå ulike kommunar i Hordaland som er eller har vore pasientar ved sjukehuset.
ungdomsradet
Ungdomsrådet_oppstart_1.jpg
Sist oppdatert 03.10.2023