Haukelands historie

Mange er dei som gjennom åra har hatt sitt daglege arbeid ved Haukeland, har fått behandling på sjukehuset, har fødd her, vore på besøk her - eller som berre veit at sjukehuset er der om dei treng det. Alle desse kan med rette tenkje på sjukehuset som ”sitt Haukeland”.

En gruppe mennesker i et rom
​​​​​​​​​​​​​
Mitt Haukeland
MItt Haukeland
​​​Vi tar dagens avanserte sjukehustilbod for gitt, men dette er resultatet av eit formidabelt arbeid som tilsette på sjukehuset har bidrege med gjennom desse hundre åra. Vi kan enno gå i dei same gangane som dei første pasientane gjorde i 1912, vi har hundre år gamle bygningar som enno er i dagleg bruk. Men det har vore ei kolossal utvikling, innhaldet i bygningane er noko heilt anna enn det var i januar 1912. 
Sjukehuset er bygd på området til gamle Haukeland gard. Her har forskarar kjempa for å finne medisin mot farlege infeksjonssjukdomar, her blei Noregs første treårige utdanning for sjukepleiarar oppretta. Dag for dag gjennom 100 år, har tilsette gitt sitt bidrag til det sjukehuset vi har i dag. 

Vi er stolte over sjukehuset vårt, og vi ønskjer å arbeide på ein slik måte at alle kan vere trygge på at dei får den hjelpa dei treng. Pasientsikkerheit er ei av fanesakene våre, dette er viktig for å sikre at pasientane får god behandling.​

Sist oppdatert 30.05.2022