Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klinisk etikk-komité

Det er mange etiske dilemma i medisinen; i møte med pasientar og pårørande, i diagnostikk og behandlingsval, og i fordeling av felles ressursar.

  • ​​​​​Kva er nyttelaus behandling?
  • Skal vi alltid behandle alle så mykje som mogleg?
  • Kva for ein teknologi bør vi seie nei til?
  • Kan vi prioritere unge framfor gamle?
  • Kva dilemma følgjer utviklinga i genetikkfaget?
  • Skal vi alltid seie alt vi veit om pasientane til dei?
  • Når er det rett å tvinge pasientar til noko dei ikkje vil?

Slike og liknande spørsmål kan vi drøfte i Klinisk etikk-komité. 

Ta kontakt 

Vil du kontakte oss for å melde ei sak eller invitere oss til dykk, skriv til:  klinisketikk@helse-bergen.no

Meir informasjon om ​Klinisk etikk-komité i Helse Bergen 

Nokre gonger spring drøftinga ut frå konkrete og pågåande saker der behandlarar eller andre har bede komitéen om konkrete synspunkt på kva som er etisk rett å gjere her og no.  

Vi kan gi råd, men har inga sanksjonsmyndigheit eller fullmakt til å ta avgjersler i konkrete saker.

Andre gonger er vi nytta i generelle saker som pasient/pårørande eller medarbeidarar i sjukehuset ønskjer ei upartisk, prinsipiell drøfting av. Det kan vere ønskje om å få hjelp til å sortere kva som er dei etiske dilemma og mogelege alternativ. Å klargjere det prinsipielt og verdimessig vanskelege, eller for å vere betre rusta neste gong ein er i ein tilsvarande situasjon.

Vi i komitéen er blitt valde ut av føretaksleiinga til å vere i komiteen fordi vi anten har spesiell kompetanse innanfor etikkfaget eller fordi vi har utmerka oss med å vere opptekne av dei vanskelege sakene. Vi skal fungere som eit uavhengig forum og har også med ekstern representant forutan representantar frå ulike faggrupper i sjukehuset.

Les meir om kliniske etikk-komitéar og korleis dei arbeidar

Klinisk etikk-komité skal:

  • Bidra til auka etisk bevisstheit og kompetanse og er ein del av helseføretaka sitt kvalitetsarbeid.
  • Bidra til at pasientar og pårørandes møte med sjukehuset blir best mogleg.
  • Auke ferdigheiter til å identifisere, analysere og løyse etiske problem og dilemma knytta til verksemda.
  • Gi tid og rom for systematisk etisk refleksjon og bistå i drøfting av konkrete etiske utfordringar før ei avgjersle blir tatt, eller i etterkant.
  • På førespurnad gi råd om korleis konkrete etiske problem kan løysast.
  • Bidra til bevisstgjering om verdispørsmål knytta til ressursbruk og prioritering.
  • Vere livssynsnøytral.​

Vår viktigaste oppgåve er å bidra til eit endå større etisk medvit blant tilsette, bidra konstruktivt til etisk refleksjon og til å nytte kompetansen vår til å bistå i pågåande, etisk vanskelege saker.
 
Etikksalong
 
‘Etikksalongen – lunsjsamtalar om etiske utfordringar’ blir arrangert av Klinisk etikkomité og Seksjon for preste- og samtaleteneste i samarbeid med Bergen senter for etikk og prioritering. Vi inviterer alle tilsette i Helse Bergen til samtalar om aktuelle etiske spørsmål. Med oss i salongane har vi kollegaer, ekspertar og brukarar. Salongane blir leia av medlemmar i klinisk etikkomité. Påmelding er ikkje naudsynt. Lenkje til strømming og opptak finst under aktuell dato i programmet.
Salongane er eit tiltak for å ha ein aktiv dialog om etiske problemstillingar blant tilsette i føretaket vårt. Følg med på KEK Helse Bergen for oppdateringar og eventuelle endringar i programmet.

Vi oppmodar spesielt utdanningsansvarlege, LIS-ansvarlege og rettleiarar til å bruke Etikksalongane som kompetansehevende tiltak og som inngang til viktige diskusjonar i utdanningsløpa. Velkomen!

  • 5. februar, 12.15-13.00 i Birkhaugsalen, Sentralblokka og på Teams

  • 5. mars, 12.15-13.00 i Birkhaugsalen, Sentralblokka og på Teams 

  • 9. april, 12.15-13.00 i møterom B302, Sentralblokka og på Teams

  • 7. mai, 12.15-13.00 i Birkhaugsalen, Sentralblokka og på Teams

 
 
Tidlegare etikksalongar i 2025:
 
3. desember. Aktiv dødshjelp – etiske, juridiske og praktiske utfordringer. 
Aktiv dødshjelp rørar ved nokre av dei mest grunnleggjande spørsmåla i møte mellom pasient, samfunn og helsevesen: Kva inneber det å kunne avslutte livet på en verdig måte? Kven skal ha myndighet til å fatte avgjerdsler om livets slutt? Og korleis kan vi som samfunn finne ein rettferdig balanse mellom pasientens autonomi, behovet for omsorg og hensynet til rettssikkerheit? I panelet satt: Espen Gamlund, professor i filosofi hjå UiB som arbeider med etikk og moralfilosofi med særlig interesse for praktisk etikk; Bettina Sandgathe Husebø, professor hjå UiB som forsker på palliasjon og smertebehandling med fokus på alvorlig syke og sårbare pasienter; Sören Koch, professor i juss hjå UiB og spesialist på rettshistorie, rettskultur og komparativ rett. Møtet vert leia av Ingrid Miljeteig, leiar i KEK.
 
Etikksalong-20251203_122255-Opptak av møte (1).mp4

Vedlagt er opptak av etikksalong den 3. desember. Frå venstre: Bettina S. Husebø, Sören Koch, Espen Gamlund og Ingrid Miljeteig.
På grunn av teknisk feil er dei første fem minutta diverre ikkje tatt med, som inkluderer innleiingsforedraga til Espen Gamlund og Sören Koch. Vi viser til ein samtale paneldeltakarane hadde hos Bergen Global tidlegare hausten 2025 for bakgrunnsinformasjon om tematikken: https://www.youtube.com/watch?v=0Hghh1dcT7o 
 
 
6. november. Etiske utfordringer i møte med alvorlig syke pasienter med flerkulturell bakgrunn.
Korleis kan vi sikre at alle pasientar får eit helsetilbod som møter deira behov – uavhengig av språk, kultur og livssituasjon? Med oss i salongen hadde vi Everline Konyo Mjømen, sjukepleiar og brukarrepresentant i Helse Bergen og medlem i Klinisk etikkomité. Hun er oppnemnt frå Vestland innvandrarråd, og leiar for organisasjonen Immigrant Health Information Initiative (IHII). Vi hadde også med Ellen Tolo, sjukepleiar hjå Kreftklinikken og Maud Gudmundsen, LIS-lege hjå Kreftklinikken. Møtet vert leia av Audun Brendbekken, sekretær i Klinisk etikkomité. 
 
8. mai. Ny prioriteringsmelding: Korleis skal vi oppnå helse for alle?
Helse- og omsorgsdepartementet publiserte i april ei ny prioriteringsmelding for helse- og omsorgstenesta. I tillegg til dei eksisterande prioriteringskriteriene (nytte, ressursbruk og alvorlighet), skal nå også personellkonsekvensar vurderast som del av ressursgrunnlaget, og alternativkostnaden på tiltak belysast. I tillegg er behovet for økt tillit til prioriteringsarbeidet blant befolkning og helsepersonell ein raud tråd gjennom stortingsmeldinga. Med oss i salongen har vi Ingrid Miljeteig, leiar i klinisk etikkomité og leiar av Ekspertgruppa for Åpenheit som informerte Stortingsmeldinga og Eirik Joakim Tranvåg, medlem av Ekspertgruppa for Åpenheit og lækjare i spesialisering innan medisinsk genetikk. Møtet vert leia av Audun Brendbekken, sekretær i klinisk etikkomité.
 
3. april. Avgrensing av kostbar behandling mot livets slutt. Bør vi la være å gi dyr, livsforlengande behandling til pasientar med alvorleg demens og fast sjukeheimsplass?
Eldre og skrøpelige pasienter kan være for dårlige til å tåle cellegift mot kreftsykdom, men kan tåle immunterapi som lindrande behandling. Nokre av dei vil få effekt som óg er livsforlengande. Immunterapi er ein kostbar behandling som kan gi plagsame bivirkningar. I salongen tar vi utgangspunkt i spørsmål om dette utgjer rett bruk av ressursar, og om det er rett å forlenge livet til pasientar med alvorlig demens som ikkje kan samtykke til om dei ønskjer det sjølv. 
Med oss i salongen har vi Kristian Jansen, fastlækjar med brei erfaring som sjukeheimslækjar, og Frode Lindemark, overlækjar i lungemedisin og medlem i klinisk etikkomité. Møtet vert leia av Audun Brendbekken, sekretær i klinisk etikkomité. 
 
6. mars. Etiske val i legemiddelinnkjøp. Kva har vi råd til? 
I Helse Bergen utgjer no nokre få medisiner over halvparten av legemiddelkostnadane. Samstundes er det forespegla ein auke i tilgang på kostbare, høgspesialiserte legemidler i årene som kommer. Ein nyleg rapport i The Lancet peiker på at pengar brukt på nye legemiddel i Storbritannia kunne gitt meir helsenytte om dei heller vert investert i eksisterande tiltak. Korleis skal helseføretak og helsepersonell forhalde seg til kostnadar for nye legemiddel? Kva kan klinikare forvente tilgong på av ny og naudsynt behandling for sine pasientar? 
Med oss i salongen har vi Tormod Bjånes, overlækjar og førsteamanuensis i klinisk farmakologi, leiar i Legemiddelkomiteen og koordinator for Kjernegruppa for HF-finansierte legemiddel i Helse Bergen, og Gunnar Douzgos Houge, professor i medisinsk genetikk, lækjar med brei erfaring i behandling av sjeldne sjukdommar, leiar for regionalt nettverk for presisjonsmedisin og nasjonalt europeisk referansenettverk (ERN) for syndromar, utviklingshemming og autisme. Møtet vert leia av Audun Brendbekken, sekretær i klinisk etikkomité, som forskar på innføring og klinisk prioritering av høgkostnadsbehandling for sjeldne sjukdommar. 
 
6. februar. Kva ynskjer dei eldre pasientane?
Ein samtale med forskare og helsepersonell om livsoppretthaldande behandling hos dei aller eldste pasientane. I salongen kjem Leonie Schwarz, intensivlækjar som har undersøkt om pasientar over 80 år ynskjer intensivbehandling om dei blir kritisk sjuke, og korleis dette samsvarar med kva deira pårørande meinar. Andre gjestar i salongen vert Elisabeth Skaar, hjartelækjar og geriater, som forskar på vurdering av skrøpelegdom før hjarteinngripnad hjå eldre, og intensiv- og forskingssjukepleiar Brit Sjøbø. Møtet vert leia av Helge Alsaker Solheim, nestleiar i Klinisk etikkomité. 


 

Sist oppdatert 18.12.2025