Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Klinisk etikk-komité

Det er mange etiske dilemma i medisinen; i møte med pasientar og pårørande, i diagnostikk og behandlingsval, og i fordeling av felles ressursar.

 

Ta kontakt 

Vil du kontakte oss for å melde ei sak eller invitere oss til dykk, skriv til:  klinisketikk@helse-bergen.no

Meir informasjon om ​Klinisk etikk-komité i Helse Bergen 

Både helsepersonell, behandlarar, pasientar og pårørande kan kontakte Klinisk etikk-komité. 

Klinisk etikk-komité skal:

  • Bidra til auka etisk bevisstheit og kompetanse og er ein del av helseføretaka sitt kvalitetsarbeid.
  • Bidra til at pasientar og pårørandes møte med sjukehuset blir best mogleg.
  • Auke ferdigheiter til å identifisere, analysere og løyse etiske problem og dilemma knytta til verksemda.
  • Gi tid og rom for systematisk etisk refleksjon og bistå i drøfting av konkrete etiske utfordringar før ei avgjersle blir tatt, eller i etterkant.
  • På førespurnad gi råd om korleis konkrete etiske problem kan løysast.
  • Bidra til bevisstgjering om verdispørsmål knytta til ressursbruk og prioritering.
  • Vere livssynsnøytral.​

Vår viktigaste oppgåve er å bidra til eit endå større etisk medvit blant tilsette, bidra konstruktivt til etisk refleksjon og til å nytte kompetansen vår til å bistå i pågåande, etisk vanskelege saker.

Etikksalong

‘Etikksalongen – lunsjsamtalar om etiske utfordringar’ blir arrangert av Klinisk etikkomité og Seksjon for preste- og samtaleteneste i samarbeid med Bergen senter for etikk og prioritering. Vi inviterer alle tilsette i Helse Bergen til samtalar om aktuelle etiske spørsmål. Med oss i salongane har vi kollegaer, ekspertar og brukarar. Salongane blir leia av medlemmar i klinisk etikkomité. Påmelding er ikkje naudsynt. Lenkje til strømming og opptak finst under aktuell dato i programmet.
Salongane er eit tiltak for å ha ein aktiv dialog om etiske problemstillingar blant tilsette i føretaket vårt. Følg med på KEK Helse Bergen for oppdateringar og eventuelle endringar i programmet.
 
Opptak frå etikksalongane vert lagt ut i etterkant.

Vi oppmodar spesielt utdanningsansvarlege, LIS-ansvarlege og rettleiarar til å bruke Etikksalongane som kompetansehevende tiltak og som inngang til viktige diskusjonar i utdanningsløpa. Velkomen!

 Her er datoar og tema for haustens etikksalongar:

  • 17.09.26: Samtalar om behandlingsavklaringar – utfordringar og moglegheiter
    Birkhaugsalen, HUS, Sentralblokka, kl 12:15-13. Strøymelenke (Teams)

De to første Etikksalongene er viet til samtaler om og veiledningeren for behandlingsavklaring. Først ut er samtale med gjest Kei Ouchi fra USA i samtale med professor i palliasjon og lungelege Margrethe Aase Scaufel og nestleder i KEK Helge Alsaker Solheim. Se nærmere beskrivelse av salongen under og om prosjektet de er involvert i som beskrives her i Bergens Tidene: https://www.bt.no/helse/i/7pLVg4/naar-er-det-riktig-aa-ikkje-gjenopplive-pasienten-legar-paa-haukeland-oever-seg-paa-samtale-om-doeden

I prosjektet samarbeider fleire klinikkar i Helse Bergen, Kompetansesenter i lindrande behandling, Verdighetssenteret, Landsforeininga for hjarte-, lunge- og hjernesjuke (LHL), Klinisk etikkomité og ei nasjonal referansegruppe om eit kommunikasjonstiltak for legar. Tiltaket byggjer på den oppdaterte nasjonale rettleiaren for behandlingsavklaringar og eksisterande forsking.

Prosjektet har fått støtte frå Helsedirektoratet og er eitt av Helse Bergen sine Kloke-valg-forbetringsprosjekt.

Kei vil fortelje om funn frå eigne studiar og erfaringar frå praksis, og det vil bli sett av god tid til diskusjon. Foredraget blir halde på engelsk.

  • 22.10.26: Ny nasjonal rettleiar om behandlingsavklaringar: kva betyr han for praksis?
    Birkhaugsalen, HUS, Sentralblokka, kl 12:15-13.Strøymelenke (Teams)

Helsedirektoratet publiserte våren 2026 rettleiaren «Behandlingsavklaringer ved livsbegrensande eller alvorlig langvarig sykdom» (helsedirektoratet.no), som erstattar rettleiaren frå 2013 om avgjerdsprosessar ved avgrensing av livsforlengjande behandling. I denne salongen presenterer vi dei viktigaste endringane, med særleg vekt på kapitla om førehandssamtalar, HLR-avgjerder og rettleiing i situasjonar som er særleg etisk krevjande.

  • 19.11.26: Etiske utfordringar og moglegheiter ved bruk av KI i klinisk praksis.
    Birkhaugsalen, HUS, Sentralblokka, kl 12:15-13 Strøymelenke (Teams)

Vi ser på etiske utfordringar ved bruk av KI i pasientbehandling, men òg på moglegheitene KI gjev oss i etikkarbeidet – som verktøy for etisk refleksjon og avgjerdsstøtte. Gjester: representantar frå klinikken og frå arbeidet med Helse Vest sine retningslinjer for KI (gjester blir annonserte nærare). Relevante retningslinjer og nyttige lenkjer finn du her 

  • 10.12.26: Utvida etikksalong (12.00–14.30): Behandling av selvskadere.
     (Obs! Denne salongen skjer i Auditorium i Glasblokkane) Strøymelenke (Teams). Arrangeres av Klinisk etikkomité Helse Bergen, Bergen Senter for Etikk og Prioritering og Forskningsgruppen i Velferdsrett ved Universitetet i Bergen.

Den 10. desember arrangerer forskningsgruppen i velferdsrett ved UiB, i samarbeid med klinisk etikkomite i Bergen og Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS)  et halvdagsseminar (utvidet Etikksalong) om etiske og juridiske utfordringer i møte med pasienter med alvorlig og vedvarende selvskading. Det blir servert kaffe/te og lett bevertning.

Program:

Velkommen v/ Henriette Sinding Aasen og Ingrid Miljeteig

INNLEDERE

Marianne K. Bahus

«Kan helsepersonell la være å gi øyeblikkelig hjelp ved gjentagende selvskading når det er prognoseugunstig?»

Bahus er professor i rettsvitenskap ved Institutt for rettsvitenskap, Universitetet i Agder, medlem av klinisk etikkomite ved Sørlandets sykehus og forfattar av artikkelen «Behandling av selvskadere: lovregler til besvær» (scup.com).

Elisabeth Tallaksen Ulseth

«Hvordan kan vi forstå selvskading – og hvordan kan vi hjelpe?»

Ulseth er stipendiat ved Institutt for religion, filosofi og historie, Universitetet i Agder, og arbeider med et prosjekt som handler om profesjonsetiske utfordringer i behandlingen av unge mennesker med selvskading. Ulseth er spesialist i barne- og ungdomsmedisin, og jobber ved siden av stipendiatstillingen som overlege på Barne- og ungdomsavdelingen ved Sørlandet sykehus Kristiansand.

PANELDIALOG

Paneldialog ledes av en representant fra klinisk etikkomite.

  • Henriette Sinding Aasen, professor i rettsvitenskap, Det juridiske fakultet, UiB
  • Anne Kristine Breivik, juridisk seniorrådgiver, Helse Bergen
  • Morten Svendal Hatlen, overlege, Psykiatrisk klinikk, Helse Bergen
  • Gard Frodahl Tveitevåg Svingen, seksjonsoverlege, Medisinsk overvåkningsavdeling, Haukeland universitetssjukehus
  • Marius Andreassen, assisterende seksjonsleder, post 3, Gastrokirurgisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus


 

 

 

Tidlegare etikksalongar i 2026:

 Etikk i fødselsomsorgen: Autonomi, grenser og faglig forsvarlighet (9. april 2026)

I blant kan fødende sine ønsker komme i konflikt med krav til faglig forsvarlig praksis. Hvordan bør helsepersonell forholde seg til slike etiske dilemmaer?

Tid: 9. april kl 12.15-13.00

Sted: Birkhaugsalen og på Teams 

I denne utgaven av etikksalongen inviterer vi til en åpen samtale om etiske dilemmaer i fødselsomsorgen. Temaet er de vanskelige avveiningene som kan oppstå mellom den fødendes ønsker og behov på den ene siden, og krav til faglig forsvarlig praksis på den andre.

Hvor går grensene for autonomi i situasjoner med potensielle risikoer? Når bør helsepersonell imøtekomme den fødendes preferanser, og når har de plikt til å overstyre? Hvordan påvirker tidspress, retningslinjer og ulik grad av informasjon beslutningsprosessene?

Med oss i salongen har vi seksjonsoverlege på Fødeavdelingen, KK Jørg Kessler og seksjonsleder for Fødeavdelingen, KK Selma Vabø Tofting. Salongen ledes av sekretær i KEK, PhD-stipendiat og lege Kaya S. Cetin.

Vel møtt!

Omsorg under press—kva skjer med helsearbeidaren? (5. februar 2026)

På norske sjukehus er arbeidshverdagen prega av fleire og meir komplekse oppgåver som krev høgt tempo. Samstundes forventast det at helsepersonell møter kvar enkelt pasient med ‘varme hender’ og omsorg.

Er effektivitetskrav foreinleg med nærleik i pasientarbeidet, eller står vi i fare for at omsorg blir trengd ut frå akuttmottak og sengepost?

I denne etikksalongen utforskar vi korleis helsepersonell balanserer tidspress med profesjonelle og personlege ideal innanfor avdelinga sine og sjukehuset sine rammer. Med oss i salongen har vi Caroline B.N. Engen, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen og LIS3 i psykiatri, som i 2025 publiserte ein artikkel i Medicine, Health Care and Philosophy om legar si rolle og arbeidskrav i lys av kampanjen #legermåleve. Artikkelen dannar grunnlaget for ein nyleg kommentarartikkel i The BMJ om utbrentheit blant unge legar. Salongen blir leia av Audun Brendbekken, sekretær i KEK.

Møtet finn stad 12.15-13.00 i Birkhaugsalen, Sentralblokka og på Teams.

  • 9. april, 12.15-13.00 i møterom B302, Sentralblokka og på Teams.
 
 
Tidlegare etikksalongar i 2025:
 
3. desember. Aktiv dødshjelp – etiske, juridiske og praktiske utfordringer. 
Aktiv dødshjelp rørar ved nokre av dei mest grunnleggjande spørsmåla i møte mellom pasient, samfunn og helsevesen: Kva inneber det å kunne avslutte livet på en verdig måte? Kven skal ha myndighet til å fatte avgjerdsler om livets slutt? Og korleis kan vi som samfunn finne ein rettferdig balanse mellom pasientens autonomi, behovet for omsorg og hensynet til rettssikkerheit? I panelet satt: Espen Gamlund, professor i filosofi hjå UiB som arbeider med etikk og moralfilosofi med særlig interesse for praktisk etikk; Bettina Sandgathe Husebø, professor hjå UiB som forsker på palliasjon og smertebehandling med fokus på alvorlig syke og sårbare pasienter; Sören Koch, professor i juss hjå UiB og spesialist på rettshistorie, rettskultur og komparativ rett. Møtet vert leia av Ingrid Miljeteig, leiar i KEK.
 
6. november. Etiske utfordringer i møte med alvorlig syke pasienter med flerkulturell bakgrunn.
Korleis kan vi sikre at alle pasientar får eit helsetilbod som møter deira behov – uavhengig av språk, kultur og livssituasjon? Med oss i salongen hadde vi Everline Konyo Mjømen, sjukepleiar og brukarrepresentant i Helse Bergen og medlem i Klinisk etikkomité. Hun er oppnemnt frå Vestland innvandrarråd, og leiar for organisasjonen Immigrant Health Information Initiative (IHII). Vi hadde også med Ellen Tolo, sjukepleiar hjå Kreftklinikken og Maud Gudmundsen, LIS-lege hjå Kreftklinikken. Møtet vert leia av Audun Brendbekken, sekretær i Klinisk etikkomité. 
 
8. mai. Ny prioriteringsmelding: Korleis skal vi oppnå helse for alle?
Helse- og omsorgsdepartementet publiserte i april ei ny prioriteringsmelding for helse- og omsorgstenesta. I tillegg til dei eksisterande prioriteringskriteriene (nytte, ressursbruk og alvorlighet), skal nå også personellkonsekvensar vurderast som del av ressursgrunnlaget, og alternativkostnaden på tiltak belysast. I tillegg er behovet for økt tillit til prioriteringsarbeidet blant befolkning og helsepersonell ein raud tråd gjennom stortingsmeldinga. Med oss i salongen har vi Ingrid Miljeteig, leiar i klinisk etikkomité og leiar av Ekspertgruppa for Åpenheit som informerte Stortingsmeldinga og Eirik Joakim Tranvåg, medlem av Ekspertgruppa for Åpenheit og lækjare i spesialisering innan medisinsk genetikk. Møtet vert leia av Audun Brendbekken, sekretær i klinisk etikkomité.
 
3. april. Avgrensing av kostbar behandling mot livets slutt. Bør vi la være å gi dyr, livsforlengande behandling til pasientar med alvorleg demens og fast sjukeheimsplass?
Eldre og skrøpelige pasienter kan være for dårlige til å tåle cellegift mot kreftsykdom, men kan tåle immunterapi som lindrande behandling. Nokre av dei vil få effekt som óg er livsforlengande. Immunterapi er ein kostbar behandling som kan gi plagsame bivirkningar. I salongen tar vi utgangspunkt i spørsmål om dette utgjer rett bruk av ressursar, og om det er rett å forlenge livet til pasientar med alvorlig demens som ikkje kan samtykke til om dei ønskjer det sjølv. 
Med oss i salongen har vi Kristian Jansen, fastlækjar med brei erfaring som sjukeheimslækjar, og Frode Lindemark, overlækjar i lungemedisin og medlem i klinisk etikkomité. Møtet vert leia av Audun Brendbekken, sekretær i klinisk etikkomité. 
 
6. mars. Etiske val i legemiddelinnkjøp. Kva har vi råd til? 
I Helse Bergen utgjer no nokre få medisiner over halvparten av legemiddelkostnadane. Samstundes er det forespegla ein auke i tilgang på kostbare, høgspesialiserte legemidler i årene som kommer. Ein nyleg rapport i The Lancet peiker på at pengar brukt på nye legemiddel i Storbritannia kunne gitt meir helsenytte om dei heller vert investert i eksisterande tiltak. Korleis skal helseføretak og helsepersonell forhalde seg til kostnadar for nye legemiddel? Kva kan klinikare forvente tilgong på av ny og naudsynt behandling for sine pasientar? 
Med oss i salongen har vi Tormod Bjånes, overlækjar og førsteamanuensis i klinisk farmakologi, leiar i Legemiddelkomiteen og koordinator for Kjernegruppa for HF-finansierte legemiddel i Helse Bergen, og Gunnar Douzgos Houge, professor i medisinsk genetikk, lækjar med brei erfaring i behandling av sjeldne sjukdommar, leiar for regionalt nettverk for presisjonsmedisin og nasjonalt europeisk referansenettverk (ERN) for syndromar, utviklingshemming og autisme. Møtet vert leia av Audun Brendbekken, sekretær i klinisk etikkomité, som forskar på innføring og klinisk prioritering av høgkostnadsbehandling for sjeldne sjukdommar. 
 
6. februar. Kva ynskjer dei eldre pasientane?
Ein samtale med forskare og helsepersonell om livsoppretthaldande behandling hos dei aller eldste pasientane. I salongen kjem Leonie Schwarz, intensivlækjar som har undersøkt om pasientar over 80 år ynskjer intensivbehandling om dei blir kritisk sjuke, og korleis dette samsvarar med kva deira pårørande meinar. Andre gjestar i salongen vert Elisabeth Skaar, hjartelækjar og geriater, som forskar på vurdering av skrøpelegdom før hjarteinngripnad hjå eldre, og intensiv- og forskingssjukepleiar Brit Sjøbø. Møtet vert leia av Helge Alsaker Solheim, nestleiar i Klinisk etikkomité. 

Nokre gonger spring drøftinga ut frå konkrete og pågåande saker der behandlarar eller andre har bede komitéen om konkrete synspunkt på kva som er etisk rett å gjere her og no.  

Vi kan gi råd, men har inga sanksjonsmyndigheit eller fullmakt til å ta avgjersler i konkrete saker.

Andre gonger er vi nytta i generelle saker som pasient/pårørande eller medarbeidarar i sjukehuset ønskjer ei upartisk, prinsipiell drøfting av. Det kan vere ønskje om å få hjelp til å sortere kva som er dei etiske dilemma og mogelege alternativ. Å klargjere det prinsipielt og verdimessig vanskelege, eller for å vere betre rusta neste gong ein er i ein tilsvarande situasjon.

Vi i komitéen er blitt valde ut av føretaksleiinga til å vere i komiteen fordi vi anten har spesiell kompetanse innanfor etikkfaget eller fordi vi har utmerka oss med å vere opptekne av dei vanskelege sakene. Vi skal fungere som eit uavhengig forum og har også med ekstern representant forutan representantar frå ulike faggrupper i sjukehuset.

Les meir om kliniske etikk-komitéar og korleis dei arbeidar

 

Etikk i Klinikk (EiK) er en strukturert modell for tverrprofesjonell etisk refleksjon, utviklet og drevet av Helge Alsaker Solheim og Ingrid Miljeteig som er faste ansatte i klinisk etikkomité (KEK), FoU Helse Bergen. Modellen kombinerer undervisning i sentrale begreper og metoder for etisk analyse og tillitsskapende, legitime beslutningsprosesser med faste, tidsavgrensede refleksjonsmøter integrert i eksisterende møtestruktur. Målet er å gi helsepersonell et felles språk og en felles metode for å håndtere etiske spørsmål og prioriteringsutfordringer i klinisk hverdag. Modellen er nå etablert eller under etablering i tre klinikker i Helse Bergen, med lokale tilpasninger til fagmiljø og målgruppe.

 

Kreftklinikken (relansert 2025, opprinnelig 2017–2020)
Tverrfaglig modell for leger og sykepleiere. Refleksjonsgrupper ble gjennomført 2017–2020 med 10 opplærte fasilitatorer, midlertidig stanset under pandemien. Relanseres nå som del av implementeringen av Kloke valg-initiativet (redusert overbehandling/overdiagnostikk) og for å understøtte LIS' felles kompetansemål (FKM) i etikk. Omfatter undervisningsserie, opplærings-/oppfriskingskurs for fasilitatorer, faste månedlige refleksjonsmøter fra september 2025, og en egen prosjektside med ressurser. Møtene er lagt til legenes morgenundervisning, og sykepleiere fra poliklinikkene og sengepostene deltar også. Evalueres i januar 2027.

PBU (fra høst 2026)
Prosjekt med samling av alle legene i klinikkene og DPS-ene (LIS obligatorisk, overleger sterkt anbefalt) rettet mot FKM 001 og 002. Ett møte per måned (45 min), integrert i eksisterende internundervisning. De første fire møtene er innførende, deretter er planen å videreføre møtestrukturen i tverrfaglige team ute i avdelingene. Periode: august–desember 2026, første evaluering januar 2027.

Medisinsk klinikk (2022–)
Legemøter (8 ganger årlig) med undervisning om etikk og prioritering, etter hvert etisk analyse av konkrete problemstillinger fra ulike avdelinger. Fra høsten 2026 er det også satt av 4 møter med sykepleierne i medisinsk klinikk. Fra 2027 skal det være tverrfaglige etikkrefleksjonsgrupper.

PEiK

Det planlegges et forskningsprosjekt med strukturerte tverrprofesjonelle grupper som arbeider med avgrensede etiske problemstillinger knyttet til prioritering og ressursbruk – Prioritering og Etikk i Klinikk (PEiK).

 

 


 



Sist oppdatert 15.09.2026