Ambrosia Tønnesen
Den første profesjonelle kvinnelege skulptøren i Noreg.
Denne Kunst på Haukeland-artikkelen har opphav i ei komande utstilling hjå KODE og Haukelands to Ambrosia Tønnesen-byster, men først litt bakgrunnsstoff:
Ambrosia Tønnesen (1859-1948) vart fødd ein januardag i Ålesund. Ho flytta til Bergen som 17-åring, der ho fekk seg jobb som lærarinne i allmueskulen samstundes som ho tok undervisning i teikning og modellering ved Bergens tekniske Aftenskole. Der blei òg talentet hennar oppdaga og ved hjelp av stipend og sparepengar kom ho seg som 25-åring til København, der skulpturen for alvor vart den føretrekte kunstforma. Deretter følgde eit par års opphald i Berlin, før ho dei neste 23 hadde adresse Paris.
Den tabloide biografien til Ambrosia er den om gutejenta som klypte håret kort, både sykla og gjekk med sykkelbukser, konkurrerte innan pistolskyting og dreiv med fiske. Alt dette er visst sant, men det som gjer at vi kjenner Ambrosia Tønnesen i dag er kvaliteten på kunsten hennar. Difor er rigginga av ei stor Ambrosia Tønnesen-utstilling allereie i gong. Det er KODE som er utstillar, Permanenten som er muséet og Jorunn Veiteberg er kurator. Ho er dr. philos ved UiB og forfattar av m.a. biografien om Ambrosia Tønnesen – «Stenhugger i det Fine». I eit intervju med NRK Hordaland (18.06.24) peika ho på at Ambrosia, både i kunsten og i livet utviste viljestyrke og energi, at ho utvida rommet for kva kvinner kunne meistre og få til.
I denne samanheng har KODE teke kontakt med Haukeland, ved Kunstutvalget, og bede om å få låne våre to portrettbyster signert Ambrosia Tønnesen. Det fekk dei sjølvsagt ja til, og tilsette ved sjukehuset har kanskje allereie merka seg at bystene er vekke. Det dreier seg om:
«Ingrid», ei bronsebyste laga i 1923, til dagleg å sjå i Gamle hovudbyggs førsteetasje. Den blei i si tid gjeve i gåve ved innviinga av Poliomyelittinstituttets opning i 1954, overrekt av Landsforeningen mot poliomyelitts direktør, Chr. E. Huun. Då Nevrologisk avdeling flytta inn i Gamle hovudbygg i 1992 følgde bysta med.
Ambrosia lagde mange byster av unge jenter både i bronse og marmor. Det finst diverre ingen fullstendig oversikt over Ambrosias kunstverk.
Den andre portrettbysta som KODE har fått låne av oss er:
«Nussen 8 år», frå 1931. Den var gåve til Barneklinikken frå ein privat givar. Då Barneklinikken vart rive vart «Nussen» med på flyttelasset over til Marie Joys’ hus og like eins vidare til Glasblokkene då siste byggetrinn der nyleg var ferdigstilt. Der har bysta fått plass i første etasje i Blokk 8 på ny sokkel.
Utstillinga i Permanenten skal opne i starten av september og stå i tre månaders tid. Etter dét kjem sjølvsagt portrettbystene attende til sine vante soklar. Til dagleg kan ein oppleve Ambrosias kunst mange stader i vår by (over 40) og andre plassar, mellom anna hennar flotte marmorbyste av Amalie Skram hjå Bergen Off. Bibliotek, Edvard Grieg i Grieghallen, Ole Irgens i Fjellveien, Christian Michelsen på Gamlehaugen, Ole Bull i foajéen på DNS, Den korsfestede Kristus i Årstad kirke, J.C. Dahl på fasaden til nettopp – Permanenten, Petter Dass og Dorothe Engelbretsdatter, eit portrettrelieff i bronse på minnestein utanfor Domkirken, eller om du er i hovudstaden – Gina Krog på Vår Frelsers gravlund.
I Paris møtte Ambrosia i 1888 britiske Mary Banks. Saman med henne returnerte ho til Bergen i 1910, som 51-åring. Dei kjøpte seg hus på Wergeland, der dei budde saman fram til Mary døydde i 1920. «Ambrosiahuset» blei flytta til Hordamuseet på Stend i 1992. To år seinare fekk plassen ved den gamle trikkesløyfa namnet Ambrosia Tønnesens plass. Den gamle ventepaviljongen (frå 1928) på denne plassen husa frå 2018 til 2024 ein av byens finaste og mest særprega kaféar, Café Ambrosia.
Juni 2024.
For Kunstutvalget, Haukeland universitetssjukehus, Trond Blom
Kjelder:
Ambrosia Tønnesen – Store norske leksikon (snl.no)
Ambrosia Tønnesen – Wikipedia
Ambrosia Tønnesen og Ambrosiahuset på Hordamuseet - DigitaltMuseum
Balansekunstnaren Ambrosia Tønnesen (kvinnehistorie.no)
Billedhuggeren Ambrosia Tønnesen | Kode (kodebergen.no)
NRK P1 Hordaland - NRK Radio